Vår i reinsfjellet


Ei simle har gjeve sitt bidrag til årets bestandstilvekst. Foto: Anders Mossing

Ei simle har gjeve sitt bidrag til årets bestandstilvekst. Foto: Anders Mossing

Simlene er på vandring mot kalvingsplassane, og bukkane går gjerne for seg sjølve no. Der er mykje kunnskap og tradisjon omkring korleis dette artar seg og kva som skjer, både innafor villrein- og tamreinmiljøet. Mykje er felles.

Mange har observert årssyklusen til reinen, både oppsynsmenn, forskarar og sjølvsagt dei som fylgjer reinen heile året; dei som driv med tamrein. I desse dagar nærmar det seg kalving. Då står mykje på spel, for no skal grunnlaget for årets tilvekst leggjast. Vêret er kanskje den faktoren som spelar aller mest inn, men andre faktorar spelar òg ei viktig rolle, ikkje minst rovdyra og kva dei kan foreta seg. Så er det brei semje i alle leiarar at reinsimlene bør få vera mest mogleg i ro i samband med kalvinga.

Vandring og flytting i april
Sjølve vandringa før kalvinga kan gå føre seg nokså tett opp til kalvingspunktet. På Hardangervidda til dømes trekker reinen vestover og sørover frå østlege vinterbeiter i starten/midten av april. Frå grenseområda mot Sverige lengst sør i Nordland, dvs. i området Hattfjell – Susendalen, flytta ein, som i så mange andre grenseområde, med flokkane over landegrensa i tidlegare tider. Vårflyttinga som ofte kunne gå føre seg på skareføre, kunne ta under to veker. Dei kunne vera framme ved kalvingslandet i slutten av april eller heilt i starten av mai, men det hendte at simlene begynte å kalve undervegs, då stoppa dei opp nokre dagar. Det er medlemmer av samefamilien Børgefjell som fortel dette i ei bok om samane i Susendalen (Václav Marek, 1992). Reinsgjetaren Jens Fuglesteg, opphaveleg frå Fortun i Sogn, har fortalt at då han dreiv som reinsgjetar i Jotunheimen, så starta dei med å skilje ut simlene i midten av april og så dreiv dei flokken til kalvingsplassane.


Fostringsflokk på vei mot kalvingsland. Hardangervidda 27. april 2014. Foto: Kjell Bitustøyl

Fostringsflokk på vei mot kalvingsland. Hardangervidda 27. april 2014. Foto: Kjell Bitustøyl

Kva skjer i kalvingslandet?
Villreinforskar Olav Strand skildrar i boka ”Villreinen” (Punsvik og Frøstrup, 2016),  kva som skjer når simlene kjem til kalvingsområda: ”Årskalvene skal nå jages vekk og alt av erfaring som kalvene har bygd opp gjennom året kommer til nytte. Ofte har jeg sett at årsgamle kalver prøver å følge simla helt fram mot kalving og at simlene med spark og jaging driver disse vekk.” Desse fråjaga eitt-åringane samlar seg så ofte i eigne flokkar, gjerne saman med einskilde 2-3 år gamle bukkar, for så å bli integrert i fostringsflokkane når simlene samlar seg etter kalving, skriv Strand.

Kalvingstidspunkt
Fjelloppsynsmann og naturfotograf Arne J. Mortensen reflekterer i boka ”Villreinens rike” (2002) omkring dette med kalvingstidspunkt og at dei fleste simler kalvar på same tidspunkt. Han kallar det antipredatoradferd: ”Ved å kalve synkront oppnår hver simle å minske risikoen for at akkurat deres kalv blir rovdyrmat de første timene. Med så mange nyfødte kalver samtidig blir det rett og slett for mye for jerven, reven og andre med skarpe klør. De har bare noen få dager på seg, så er alle kalvene på beina og løper fra dem.”

Villreinforskar Egil Reimers har sett på kalvinga i ulike fjellområde, han opererer med det han kallar kalvingstidspunktet, som er datoen då halvparten av simlene har kalva. I boka ”Villreinens verden” (1989) skriv han om variasjon av kalvingstidspunktet: Det var 7. mai i Nord-Ottadalsområdet, 24. mai i Rondaneområdet og 25. mai på Hardangervidda. Fotografen Johan Brun på si side fortel at den perioden han var med villreinforskar Terje Skogland på vestsida av Hardangervidda, dvs. på slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet, drog dei som regel innover 18. mai. Og sjølvsagt vil dette variere ein del, avhengig av fleire faktorar. Om ein går til samiske kjelder att, fortel dei frå Susendalen at dersom det har vore dårleg vinterbeite eitt år, kan brunsttida bli forsinka. Og om det attpå til skulle koma ein dårleg vår, vil dette ytterlegare påverke kalvane. Så kan ein spørje seg kvifor kalvane blir født så tidleg mens det enno er vinterlege tilhøve i fjellet? I boka ”I Reinfjellet – om Filefjell Reinlag” (2010) skriv forfattarane Oddmund Lunde og Liv-Randi Lind: ”Kalvene må til verden tidlig på året for at de skal få tid til å opparbeide seg nødvendige ressurser til å møte den kommende vinteren. Sommeren er kort men frodig i høyfjellet”.

Viktig: unngå å forstyrre
Blant dei som driv med tamrein har det vore slik at reineigarane har gjett rundt flokken for å forstyrre minst mogleg samspelet mellom simla (altoe på sørsamisk) og kalven (miesieh på sørsamisk). Men i boka ”Landet går i arv. Rein folk og natur i Luru Reinbeitedistrikt” (2011) skriv forfattarane Aina Bye og Bengt Åke Jåma: ”De siste årene har rovdyrtrekket blitt så stort at ekstra tilsyn er blitt nødvendig.” Og felles for både villrein og tamrein er sjølvsagt at kalvingslandet/kalvingsområda er ekstra sårbare for forstyrring, både når det gjeld rovdyr og menneskeleg aktivitet.

Lange og tynne kalvebein
”Reinen er tilpassa et liv i naturen, og kalvene greier seg godt nesten uansett værforhold. Det er en lykke å få se de nyfødte kalvene søke seg mot simla på de tynne lange beina”. Slik skriv Bye og Jåma. Olav Strand formulerer seg på denne måten i boka «Midt i flokken» (2016): ”I denne naturens egen runddans mellom fødsel og død har reinen funnet sin egenart. Noen ganger på brutalt vis, andre ganger under stor triumf –  som når lange og fantastiske kalvebein mestres for første gang”.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing