Villrein.no - alt om villrein

villrein.no - relevant informasjon om villrein
  • Villrein.no
  • Norsk villreinsenter
  • Villreinrådet
  • Villrein.no
  • Norsk villreinsenter
  • Villreinrådet
IMG_7201.jpg

Aktuelt

  • All
  • Forvaltere
  • Grunneiere
  • Jegere
  • Turgåere
 Bilet frå Vikafjellet, mellom Myrkdalen og Vik i Sogn. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Bilet frå Vikafjellet, mellom Myrkdalen og Vik i Sogn. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Villreinkonferanse for Fjellheimen villreinområde

Anders Mossing October 17, 2017

Fredag 3. november blir det arrangert ein dagskonferanse om villrein på Myrkdalen hotell på Voss om Fjellheimen villreinområde. Dette området er avgrensa av Nærøyfjorden i aust, Voss, Evanger og Bolstadøyri i sør, Modalen, Eksingedalen i vest og Sognefjorden i nord.

Mange ulike instansar er representerte: det vil bli foredrag ved forskar Olav Strand om biologi og utfordringar, og om skrantesjuke (CWD); Siri Bøthun vil ta for seg ny bestandsplan; frå Vik kjem Oddbjørn Ese og snakkar om kommuneplan og vilkårsrevisjon av Arnafjord og Vikvassdraget; to representantar for kvar sin fjellandsby vil ta for seg villrein og reiselivsutvikling; ein representant frå Statens vegvesen vil ha fokus på vegen over Vikafjellet og villreinen; frå Bykle kommune kjem Sigrid Bjørgum og vil fortelje om deira erfaring med tilrettelegging av skiløyper med fokus på handtering av villreinen, og verneområdeforvaltar Anbjørg Nornes vil snakke om arbeidet med besøksforvaltning i Stølsheimen landskapsområde.

Påmeldingsfristen er 20 okt.:  http://booking.myrkdalen.no/no/arrangement/a1471954/villreinkonferanse_pa_myrkdalen_hotel_1471954/showdetails


villrein.no - Kjell Bitustøyl/Anders Mossing

InTurgåere, Jegere, Grunneiere, Forvaltere Tagsvillrein, villreinkonferanse, fjellheimen, sti og løyper, myrkdalen, voss, skrantesjuke, CWD, bestandsplan
  • Aktuelt
  • Older
  • Newer

Nyhetsarkiv 2008 - 2014

 

Hva er du?

turgåer-for-web.png
turgåer-med-sirkel-og-tekst-oransj.png
forvalter-med-sirkel-og-tekst-oransj.png
grunneier-med-sirkel-og-tekst-oransj.png
  • Startside
  • Villreinområdene
  • Fakta
  • Kartfortellinger
  • Regionale planer
  • Forvaltning
  • Forskning
  • Nemnder
  • Kontakt
  • English
  • Deutsch
 

HVA ER DU?

200x200-hvit-jeger.png
200x200-hvit-turgåer.png
200x200-hvit-forvalter.png
200x200-hvit-grunneier.png

Personvern - Powered by GASTA

 

Villrein.no - alt om villrein

villrein.no - relevant informasjon om villrein

Norsk Villreinsenter i samarbeid med Villreinrådet i Norge står bak villrein.no som har som mål å løfte villreinen fra menighet til samfunn. Her presenteres fakta, film, bilder, kart, data, naturveiledning, forvaltning, forskning,  23 villreinområder,  9 villreinnemnder, villreinjakt, bladet Villreinen, turtips i villreinfjell, fjellrev, moskus, oppskrifter og villreinforvaltningen på Svalbard.