Villreinen og ny E 134 over Haukelifjell


E 134 over Haukelifjell er ein av stamvegane mellom aust og vest. Foto: Tor Punsvik

E 134 over Haukelifjell er ein av stamvegane mellom aust og vest. Foto: Tor Punsvik

Den 22. og 23. november blei det halde informasjonsmøte om nye E 134 over Haukelifjell, strekninga Vågslid-Seljestad, og verknader på villreinen. Det var òg befaring i området. Dei som deltok var folk frå Naturrestuarering AS, som var innleigde av Statens vegvesen, representantar frå forvaltning/grunneigarar og folk med spesiell kunnskap om villreinen i området.

Dette handla om ei tilleggsutgreiing som skal supplere grunnlaget for andregongs handsaming av reguleringsplanforslaget. Konkret er spørsmålet frå villreinhald om kva for trasé for framtidige tunnelar som blir valt, og kva avbøtande tiltak som må setjast ut i livet for å få ein best mogleg korridor slik at villreinen kan vandre mellom Setesdalsheiane og Hardangervidda.


På befaringa var det ein bredt samansett gruppe som diskuterte ulike trasear. Foto: Tor Punsvik

Det var tilbake i 2015 at E 134 over Haukelifjell blei valt som ein av to stamvegar mellom aust og vest. I etterkant sto kampen lenge om det var Rv 7, Rv 52 eller E 16 som skulle bli stamveg nummer to. Det endelige resultatet vart ein funksjonsdeling mellom dei tre.

Les meir om planane for E 134 og se animasjon av dagens trasè.

Lang tunnel det beste

Det var semje på møtet om at ein ny lang tunnel over fjellet er det beste for villrein og trafikantar. Frå villreinhald kom det kommentarar på at konsekvensane for villreinen med ny hovudveg over fjellet var for dårleg undersøkt før viktige tunnelprioriteringar blei gjort politisk. Men sidan det aktuelle strekket ikkje skal realiserast før tidlegast i 2029, er det enno mogleg å få til godt samarbeid og kreativ tenking slik at det kan bli teke omsyn til villreinens trekkvegar i området. Ein viser her til overordna nasjonale miljømål der villreintrekket mellom dei to største villreinområda skal takast vare på. Transportnæringa ynskjer den same løysinga som villreininteressene ettersom ein stuttare tunnel vil auke problema omkring kolonnekøyring og stenging vinterstid.


Frå Haukeliseter og vestover. Foto: Tor Punsvik

Frå Haukeliseter og vestover. Foto: Tor Punsvik

Fleire forslag til tunneltrasé ligg føre, eitt forslag er å forlenge Dyrskartunnellen heilt til Haukeliseter, med det kan ein få ein breiare korridor for reinen enn ei forlenging av tunnelen aust for Haukeliseter, som berre vil gje ein korridor på 5 km.

Les også “Ny vegtunell over Haukeli og omsynet til villreinen” (årboka Villreinen 2017).

All erfaring tilseier at siste ord ikkje er sagt i denne saka, og “villreininteressene” har no i alle fall fått leggje fram sitt syn på saka. Naturrestaurering tek med seg innspela inn i det vidare planarbeidet.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing