Villreinen i Rondane – urovekkande utvikling


Mange er bekymra for utviklinga i Rondane. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Mange er bekymra for utviklinga i Rondane. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Fylkesmennene i Oppland og Hedmark, Sigurd Tremoen og Sigbjørn Johnsen, har sendt eit brev til klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) der dei uttrykker uro for villreinstamma i Rondane. Ei aukande mengde inngrep, arealfragmentering av leveområda for villreinen og ulike former for forstyrring, er stikkord.

Problem med aukande ferdsel alt på 1980-talet
Rondane nasjonalpark blei oppretta i 1962 som Noregs fyrste nasjonalpark. Rondane villreinområde er langt og smalt, slik at alle lokalitetar i området er innafor rekkevidda av ein dagstur. Og alt i samband med 25-årsjubileet i 1987 åtvara dåverande fjelloppsyn Normann Heitkøtter om at aukande ferdsel var i ferd med å avskjera viktige villreintrekk. Dei to fylkesmennene skriv at no 30 år seinare kan ein slå fast at Heitkøtter hadde rett. Villreinbestanden i Rondane har blitt delt i to, etter alt å dømme på grunn av ferdsla i området. Omkring halvparten av området som i si tid blei verna som landets fyrste nasjonalpark, er no ikkje lenger i bruk som leveområde for villreinen.

Bit-for-bit
Dei to fylkesmennene meiner ikkje at situasjonen er akutt, men at bit-for-bit endringane er sterkt urovekkande. Dei siktar særleg til utviklinga dei siste ti-åra, og viser blant anna til ferdselsteljing i sommarmånadane på vegen inn til Rondvassbu. Der har Norsk institutt for natuyrforskning (NINA) registrert ein auke i passeringane på vel 60 % frå 2010 til 2017. Vidare er det no i underkant av 10 000 fritidsbustader innafor den såkalla ”hensynssona” i regional plan for området, pluss 2000 godkjente hyttetomter i planområdet eller like utanfor, tomter som enno ikkje er bygd på.

Fylkesmennene gjer seg til talsmenn for at ein i endå større grad må forvalte områda på tvers av kommunegrensene, slik som det er lagt opp til i den regionale planen for området. Rondane har hatt ein slik plan sidan 1992, men denne har ikkje vore tilstrekkeleg for å ta vare på villreinens leveområde.

Inviterer til befaring og diskusjon
På eit meir generelt nivå viser Sigurd Tremoen og Sigbjørn Johnsen til IUCN, den internasjonale naturvernunionen, som har sett villreinen på den globale raudlista på grunn av ein tilbakegang på om lag 40 % dei siste 21-27 åra. Og Rondane er i denne samanhengen av dei villreinområda i Noreg der forskarane åtvarar sterkast mot ytterlegare fragmentering. Konkret vil dei to fylkesmennene fylgje opp dette ved å invitere klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) til befaring og diskusjon om verkemidla i villreinforvaltinga av Rondane hausten 2018. Ein òg vil invitere med representantar for andre regionale/lokale forvaltingsstyresmakter.

Les heile brevet her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing