Villrein stoppa vindkraft i Setesdal


Villrein var hovedargumentasjon i OED's avslag om vindkraft i Setesdal Austhei. Foto: Anders Mossing

Villrein var hovedargumentasjon i OED’s avslag om vindkraft i Setesdal Austhei. Foto: Anders Mossing

Den planlagte vindkraftutbygginga som Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) hadde gjeve grønt lys for ved Hovatn i Bygland på Setesdal Austhei,  blir ikkje noko av. Med villreinen som viktigaste grunngjeving har Olje-og energidepartementet (OED) teke omsyn til klagene og innvendingane som har kome frå fleire hald og avslått søknaden frå Hovatn Aust Vindkraftverk AS.

Det var i oktober 2014 at Hovatn Aust Vindkraftverk AS søkte om konsesjon for å bygge, eige og drive Hovatn Aust vindkraftverk. I juni 2016 kom eit positivt svar frå NVE, konsesjon blei gjeve til eit vindkraftverk fordelt på to delområde som er plassert på fjellformasjonane Gnuldrehei-Stavtjørnheii og Reiskvæven-Rosstjørnfjelli aust for Hovatn i Bygland kommune.

Mange klager
Klager og innvendingar mot vindkraftplanane kom frå både einskildpersonar og organisasjonar, blant andre villreinnemnda for Setesdalsområdet, Forum for natur og friluftsliv Agder, Naturvernforbundet i Vest-Agder, Norges Miljøvernforbund og Arbeidsgruppa mot vindparkar i Setesdal. Hovudinnvendinga frå klagarane var at utbygginga vil føre til større skadeverknader for villreinen i området enn det NVE har lagt til grunn.

Fylkesmannen i Aust-Agder fremja òg innvending mot planane og viste til at heile planområdet ligg innanfor nasjonalt villreinområde i Heiplanen og er i strid med nasjonale mål om å sikre villreinens leveområde.

Olje- og energidepartementet
I grunngjevinga for avslaget til OED, der fordelar og ulemper ved ei slik utbygging blei vekta mot kvarandre, heiter det at departementet har lagt stor vekt på omsynet til villreinen. I konsekvensutgreiinga som omhandla villrein meinte ein at reinen i liten grad brukte det planlagde utbyggingsområdet, og støttet seg blant anna til posisjonar frå GPS-merka dyr. Departementet skriv i avslaget at dei merka seg at Fylkesmannen, Miljødirektoratet og villreinnemnda ikkje er samde i det. Dei følger også opp villreinnemndas argumenter for at villreinen skifter i bruken av beiteområda, slik at om eit område står urørt eller er mindre bruk i noko tid, kan dette området på ny takast i bruk og bli eit viktig beiteområde for villreinen. Her blei elles den samla belastninga på dette området òg lagt til grunn, med hyttebygging og annan infrastruktur.

Heiplanen viktig
I den endelege grunngjevinga til OED viser ein til Heiplanen der det er presisert at villreinens interesser i  nasjonalt villreinområde skal tilleggjast stor vekt ved arealforvalting og sakshandsaming av einskildtiltak. Det blir òg teke med at sanering av  villrein i Nordfjella viser kor viktig det er å ta vare på tilstrekkeleg store intakte villreinområde.

I tillegg til villreinen blei òg omsynet til hubro lagt til grunn for vedtaket. Departementet viser slik til naturmangfaldloven og den samla belastninga som eit økosystem blir utsett for.
Les heile brevet fra OED her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing