Vellykka informasjonsmøte om CWD rundt Hardangervidda

Hardangervidda villreinutval har nyleg arrangert fleire informasjonsmøte om CWD i ulike bygder rundt Hardangervidda. Målgruppa har vore fyrst og fremst jegerar, og alt tyder på at frammøtet har vore svært bra. Denne artikkelen baserer seg på eitt av desse møta, nærare bestemt i Åtrå i Tinn onsdag den 14. juli, der òg var frammøtet bra og interessa stor. Oppsummert er inntrykket at desse informasjonsmøta har fungert svært bra.

Tre innleiarar stod for det faglege innhaldet: Sigurd Espeland frå Mattilsynet, Knut Nylend frå Statens Naturoppsyn (SNO) og Svein Erik Lund frå  Hardangervidda villreinutval.

Mattilsynet
Sigurd Espeland frå Mattilsynet hadde som tema "CWD - sjukdomen, konsekvensar og tiltak". Espeland drog trådar tilbake til kva me kjenner til av nærslekta prion-sjukdomar frå tidlegare og nemnde skrapesjuke på sau og kugalskap. Han oppsummerte kort kva som har skjedd frå det fyrste dyret blei funne i sone 1 i Nordfjella, via dei to elgane i Selbu og dei to andre reinsdyra som blei påvist smitta i Nordfjella sone 1 og fram til dagens situasjon. Han understreka at det pr. i dag ikkje er noko kjent tilfelle at denne sjukdomen kan overførast til menneske.

Sigurd Espeland, Mattilsynet. Foto: Kjell Bitustøyl

Sigurd Espeland, Mattilsynet. Foto: Kjell Bitustøyl

Han snakka om 3 grupper av prionsjukdomar: 1. den som er arveleg, 2. den som kan oppstå spontant og 3. den som er infeksiøs, smittsam. Elgane i Selbu trur ein kan vera av den gruppa som kan oppstå spontant. Medan den infeksiøse er den som er den alvorlege.

Mykje er alt kjent omkring denne sjukdomen. Likevel var det viktig for Mattilsynet å få fram alvoret i situasjonen for dei frammøtte, f.eks. dette at smitten kan bli i miljøet i lenger tid, at sjukdomen toler både desinfeksjon og varme, og at smitten kan binde seg til ulike jordtypar og kan takast opp av planter. Der er mange moglegheiter for spreiing av smitte i ein reinsflokk, simla vil f.eks. kunne smitte kalven, vidare kan smitten gå via rovdyr, og smitten kan òg overførast til hjort. Skulle det skje, vil sjukdomen vera håplaus å stoppe, sa Espeland, som òg meinte at faren for smitteoverføring er mykje større i ein villreinflokk enn i andre hjorteviltstammer. Han snakka òg om auka mortalitet og redusert formering som konsekvensar av sjukdomen.

Avslutningsvis kunne han fortelje at ein førebels ikkje har kunna påvist redusert påverknad på vekter/kondisjon på nokon av bestandane. Han var òg innom andre testmetodar enn hjerneprøver, noko som det blir jobba intenst med å utvikle. Og som kjent: målet er å utrydde sjukdomen ved å ta ut heile stamma i Nordfjella sone 1, eit tiltak som no vil bli sett ut i livet.

Knut Nylend, SNO. Foto: Kjell Bitustøyl

Knut Nylend, SNO. Foto: Kjell Bitustøyl

SNO
Det kom kommentarar på at det blir jobba for seint, og ei forklaring på dette er i fylgje Knut Nylend i SNO at der er eit stort byråkrati med mange aktørar involvert; difor tek det tid å få gjort dei viktige avgjerdene. Han la òg vekt på at alt må kvalitetssikrast. For SNO handlar det om kva som skjer ute i villreinfjellet. Han gjekk gjennom kva som har skjedd med blant anna dei dyra som er tekne ut i vinter av SNO, der det har vore mistanke om CWD. Han nemnde og gjetarkorpset langs Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet som passar denne vegstrekninga 24 timar i døgnet, sju dagar i veka. Ein har no òg oppretta eit gjetarregime langs Riksveg 50 Hol-Aurland, kunne Nylend fortelje. Han gjekk gjennom tidsplanen dei har arbeidd etter, fram til og med mai 2017. Rapporten om dei sju arbeidsgruppene blei lagt fram dagen etter, dvs 15. juni. Nylend sa at i den fasen me er no, vil jegerkorpset vera den aktøren som er best eigna til å skaffe mange prøver frå Hardangervidda. Når det gjeld Nordfjella og SNO, handlar dette òg om at "statens infanteri" skal setjast inn etter den ordinære jakttida er avslutta. Ambisjonane er store, for i løpet av perioden frå 1. november til 1. mai skal ein taka ut heile stamma, og håpet er sjølvsagt at det er berre her ein finn denne smitten.

Det kom opp spørsmål om villreinområda Brattefjell Vindeggen og Setesdalsheiane, her kunne ein førebels berre oppmode om friviljug innsamling av prøver blant jegerane.

Svein Erik Lund. Foto: Kjell Bitustøyl

Svein Erik Lund. Foto: Kjell Bitustøyl

Prøvetaking Hardangervidda
Det blei naturleg mest merksemd kring den praktiske gjennomføringa av prøvetakinga rundt Hardangervidda på dette møtet. Svein Erik Lund frå villreinutvalet sto for denne informasjonen. I samband med jakta på Hardangervidda skal det takast prøver av alle felte vaksne dyr. Og jegerane fekk her ei grundig innføring i kva for utstyr og rutinar ein skal halde seg til. Det skal takast to prøveglas pr dyr: eitt for hjerneprøve og eventuelt lymfeknute, lymfeknuteprøve er ynskjeleg, men ikkje noko krav om det, så er det eitt prøveglas for møkkprøve. Veterinærinstituttet er dei som skal ha desse prøvene, og det blei understreka at så langt kapasiteten rekk, skal svar på prøvene koma i løpet av få dagar. Jegerane skal då kunne finne prøvene sine i hjorteviltregisteret på nettet.

Om ein skulle finne smitta dyr på Hardangervidda, noko både Mattilsynet og alle andre sjølvsagt ikkje håpar på, vil det raskt bli sett i gang tiltak for å hente inn slakteavfall o.l. Lund la elles vekt på at ei slik ordning med prøvetaking nok ikkje vil bli ei eingongs-hending, men at ein må førebu seg på at dette òg vil bli nødvendig i fleire komande år, kanskje mange.

Sigurd Espeland frå Mattilsynet demonstrerte korleis ein praktisk går fram når jegeren skal ta hjerneprøve og lymfeprøve av reinsdyret. Avslutningsvis kom der fleire spørsmål omkring praktiske rådgjerder i høve til å hindre vidare smitte om ein skulle finne smitta dyr, men her er enno ein del usikre moment over kor ein skal setje grensene. Det blei sagt frå Mattilsynet at ein får tenkje kva som er praktisk mogleg å få til. Espeland la elles vekt på at når det gjeld Hardangervidda, så jaktar ein i utgangspunktet på friske dyr.

To av dei frammøtte tinndølene på infomøtet i Atrå, båe djupt engasjerte i villreinstamma på Hardangervidda: Bjarne Fuglesteg (t.v.), pensjonist og tidlegare reinsgjetar og reinsjeger og Jon Mårdalen, grunneigar og jeger.

To av dei frammøtte tinndølene på infomøtet i Atrå, båe djupt engasjerte i villreinstamma på Hardangervidda: Bjarne Fuglesteg (t.v.), pensjonist og tidlegare reinsgjetar og reinsjeger og Jon Mårdalen, grunneigar og jeger.

 

villrein.no - Kjell Bitustøyl