Svalbardreinen – yttarst mot nord

Moderne teknologi som GPS-klavar for kartlegging av trekkaktivitet har også blitt teke i bruk på Svalbardreinen. Desse dyra er fotografert i Colesdalen, eitt av dei seks jaktområda på Spitsbergen.Foto: Kjell Bitustøyl

Svarbardreinen (rangifer tarandus platyrhynchus) er ein stadeigen underart av villrein og tilhøyrer undergruppa arktisk rein. Den tettbygde svalbardreinen er mindre og meir stuttbeint enn slektningane på fastlandet og finst berre på Svalbard. Reinen er ein nøkkelart i tundraøkosystemet på øygruppa.

Frå 1860 til 1925 blei svalbardreinen hausta i stort omfang, og bestanden blei sterkt redusert. Mellom 1925 og 1983 var det ingen jakt og difor voks bestanden att, og reinsdyra spreidde seg til nye område. Etter 1983 har det vore opna for avgrensa jakt innan seks område: Colesdalen, Hollenderdalen, Grøndalen, Sassendalen, Reindalen og Diabas. Det er berre dei fastbuande som har love til å jakte. Systematisk teljing av reinen i nyare tid har ikkje vore gjort. Men Norsk Polarinstitutt, Norsk institutt for naturforskning og Sysselmannen på Svalbard  overvåkar årleg reinsdyrbestandane på sentrale delar av Spitsbergen. 

For å forstå korleis klimaendringane påverkar svalbardreinen og dyresamfunnet elles på tundraen, har det vist seg at lange biologiske tidsseriar har blitt viktige og avgjerande. Denne forskinga vil kunne gje styresmaktene og forvaltarar eit betre utgangspunkt for å dokumentere, forstå og handle i høve til dei dramatiske klimaeffektane som går føre seg i Arktis. 

Eit nytt initiativ blei lansert i 2013, dette handlar om å fylgje med på endringar i miljøforhold, som påviste klimaendringar. Ein samlar blant anna inn kjevar frå felte dyr, ei ordning som alt blei innført i 1983 og vidareført då ordinær jakt blei vedtatt i 1989. Så langt er 4000 kjevar av rein brukt av forskarar frå Norsk Polarinstitutt og Norsk institutt for naturforskning. Jegerane er difor svært viktige hjelparar i høve til å få inn viktige data.

(Denne artikkelen er i hovudsak basert på to artiklar skrivne av Åshild Ønvik Pedersen ,  Bjarte Benberg og Tor Punsvik i den nye boka ”Villreinen – biologi – historie – forvaltning” av Tor Punsvik og Johan Christian Frøstrup. Boka er gjeve ut på Friluftsforlaget.)

Ungdyr av svalbardrein. Dyra er svært lite sky og brukar mesteparten av tida til å beite. Svalbardreinen har, til forskjell frå reinsdyra på fastlandet, ikkje utvikla flokkstruktur, dei går berre i spreidde små grupper.Foto: Kjell Bitustøyl

Det er juni i Adventdalen, og som vanleg opptrer svalbardreinen i spreidde smågrupper, ikkje i flokk som på fastlandet. Foto: Kjell Bitustøyl

Det er juni i Adventdalen, og som vanleg opptrer svalbardreinen i spreidde smågrupper, ikkje i flokk som på fastlandet. Foto: Kjell Bitustøyl

villrein.no – Kjell Bitustøyl