Statsrådbesøk på Norsk villreinsenter Nord

– Når ein sit her er det klart ein blir forelska i området! Klima- og miljøminister Ola Elvestuen var begeistra etter sitt fyrste besøk på viewpoint SNØHETTA under markeringa av vern av tidlegare Hjerkinn skytefelt, laurdag 29. september.

Statsråden vandra i villreinen sine fotspor heile dagen, og fekk grundig innføring både i historia til- og den noverande situasjonen for den sårbare arten. Norsk villreinsenter Nord baud på frukost og ei orientering om bakgrunn, drift og framtidsplanar ved dagleg leiar Raymond Sørensen. Elvestuen uttrykte stor begeistring for viewpoint SNØHETTA-prosjektet og omtala det som eitt av Noregs mest kjende bygg.

Han fekk også oppleve korleis naturvegleiarane ved senteret formidlar villreinen i praksis. Heidi Vognild fortalde om anatomien til dyra som er spesialtilpassa eit liv i fjellet og viste fram skinn, klauver og gevir. Medan Are Endal Rognes tok med seg statsråden med fylgje ut i fangstminneparken der han demonstrerte korleis fangst av både villrein og rovfugl gjekk føre seg.

 Naturvegleiarane Heidi Vognild (t.v.) og Are Endal Rognes demonstrerer falkefangst for klima- og miljøminister Ola Elvestuen (t.h.). Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Naturvegleiarane Heidi Vognild (t.v.) og Are Endal Rognes demonstrerer falkefangst for klima- og miljøminister Ola Elvestuen (t.h.). Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Uroa for villreinen sin framtid

- Dette er våre fjellområde, men vi eig dei ikkje. Vi har dei til låns og no er vi, etter mitt skjønn, inne i ei kritisk fase for villreinen. Fylkesmannen i Oppland, Sigurd Tremoen, uttrykte sterk uro for arten i eit langtidsperspektiv, då han opna dialogmøtet som var neste punkt på Klima- og miljøministeren sitt program.

Bakgrunnen for møtet var eit bekymringsbrev som fylkesmennene i Hedmark og Oppland sende til klima- og miljødepartementet i vinter.

Tremoen understreka at det ikkje er ofte fylkesmennene sender ut slike brev, noko som viser alvoret i situasjonen. -Det er ein art som var livsviktig for våre forfedre. I dag er det vi som er livsviktige for den. Det er ein viktig del av vår historie og vår nasjonale identitet.

Ulike aktørar i villreinområdet var inviterte til å kome med sine innspel til statsråden og departementet. Blant desse var Norsk Villreinsenter Nord ved Raymond Sørensen og forskar Olav Strand og Rondane og Dovre nasjonalparkstyre ved leiar Bengt Fasteraune.

Les meir om møtet her: https://www.fylkesmannen.no/Oppland/Miljo-og-klima/Nyheter-om-miljo-og-klima/vil-mote-villrein-problema-med-meir-heilskapleg-forvaltning/


Minister i motvind

Ein innhaldsrik dag på Hjerkinn vart avslutta med høgtidsstemning i sterk motvind. På viewpoint SNØHETTA var det invitert til markering av at det tidlegare Hjerkinn skytefelt no er ein del av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Meir enn 70 gjestar tok turen opp, trass i at vinden gjorde vegen til målet noko tyngre enn vanleg.

 Trass sterk motvind, fylgde statsråden interessert med då han fekk naturvegleiing på veg opp til viewpoint SNØHETTA. F.v. i fremste rekke Raymond Sørensen, Heidi Vognild og Ola Elvestuen. Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Trass sterk motvind, fylgde statsråden interessert med då han fekk naturvegleiing på veg opp til viewpoint SNØHETTA. F.v. i fremste rekke Raymond Sørensen, Heidi Vognild og Ola Elvestuen. Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Undervegs fekk Ola Elvestuen vite meir om korleis villreinen har forma Dovrefjell si historie. Det var med stor interesse han fylgde med, då naturvegleiar Heidi Vognild fylte turen opp med informasjon om korleis reinen og folket har eksistert saman her oppe i 10 000 år.

At eit skytefelt blir verneområde er ikkje kvardagskost. Dagmar Hagen i NINA har vore prosjektleiar for det som er Noregshistoria sitt største naturrestaureringsprosjekt. I sin tale under markeringa understreka ho at å vere ein del av dette er noko NINA er stolte av. – Det er heilt rått det vi har fått til her!

 viewpoint SNØHETTA fekk ein ny beundrar då klima- og miljøminister Ola Elvestuen markerte vern av tidlegare Hjerkinn skytefelt. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.

viewpoint SNØHETTA fekk ein ny beundrar då klima- og miljøminister Ola Elvestuen markerte vern av tidlegare Hjerkinn skytefelt. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.