Sperregjerdet over Hemsedalsfjellet tek form


Sperregjerdet over Hemsedalsfjellet er no ferdig fram til Eldrevatn. Foto: Kjell Bitustøyl

Det planlagt sperregjerdet over Hemsedalsfjellet mellom Nordfjella villreinområde sone 1 og tamreinområdet til Filefjell reinlag er no snart ferdig bygd. Petter Braaten, seniorrådgjevar i SNO og operativ leiar for gjennomføringa av saneringsplanen, seier i eit intervju at i løpet av ei til to veker skal ein vera ferdige med gjerdet på heile strekninga.

Som ein del av arbeidet med å avgrense smittefaren i høve til skrantesjuke blir det i desse dagar bygd eit sperregjerde over Hemsedalsfjellet. Dette gjerdet skal forhindre at villrein frå Nordfjella sone 1 kjem over på feil side av grensa, og vice versa; forhindre at tamrein frå Filefjell kjem over i villreinterrenget. Gjerdet er no ferdig bygd frå vestsida og fram til Eldrevatn. Starten på gjerdet er nedi dalen ca. 2 km vest for Breistølen Fjellstue. Gjerdet ligg på vestsida av vegen. Petter Braaten seier at det no står berre att to skar på Hemsedalssida som skal sperrast med dette reinsgjerdet, Stongeskaret og Bjøbergskaret. Dette arbeidet reknar ein med å vera ferdige med innan ei til to veker. Vidare nedover på Hemsedalssida forbi Bjøberg er det liten fare for at reinen kryssar, difor er det ikkje planlagt noko gjerde i dette området i fylgje Braaten. Det er eit firma frå Karasjok frå tamreinnæringa der som står for sjølve bygginga av gjerdet. Og Petter Braaten er imponert over innsatsen dei har lagt ned. “Dei som byggjer gjerdet har strenge restriksjonar på bruk av klede o.l. Arbeidarane er svært opptekne av at denne smitten ikkje skal spreiast til andre område”, seier Braaten. Han fortel òg at det i desse dagar er synfaring på eit tilsvarande gjerde mellom Nordfjella sone 1 og sone 2, her er planen at det skal opp eit gjerde over tunnellen ved Geiterygghytta, samt i området nord for Vestredalstjørna.


Fjellgarden Bjøberg med Stongeskaret bak, her skal det opp eit sperregjerde. Foto: Kjell Bitustøyl

Stolpar til inndrivingsgjerdet
Det skal i haust òg setjast opp stolpar til leidegjerde til eit inndrivingsanlegg. Dette skal liggje på sognesida av fjellet, inni dalen ned frå Øljusjøen mot Eldrevatn. 9 km leidegjerde skal opp her. Braaten seier at ein er avhengig av fleire faktorar for at dette skal lykkast: Ein lyt ha med ekspertise frå tamreinnæringa, vêret må vera godt, og ein er òg avhengig av ein god del snø. Og sperregjerdet som snart er ferdig bygd, er òg ein viktig føresetnad for at inndriving kan gjennomførast. “Dette vil gjera arbeidet med inndriving mogleg, utan sperregjerdet hadde ein ikkje våga å satse på inndriving på denne måten”, seier Braaten. Han viser til at planen er å “temje” reinen i 2-3 veker, og så i fyrste omgang drive inn ein flokk på 150-200 dyr.


Petter Braaten, seniorrådgjevar i SNO og operativ leiar for gjennomføring av saneringsplanen for Nordfjella sone 1. Foto: Kjell Bitustøyl

Petter Braaten, seniorrådgjevar i SNO og operativ leiar for gjennomføring av saneringsplanen for Nordfjella sone 1. Foto: Kjell Bitustøyl

Reduksjon av hjorte- og elgstamma
Braaten kan òg fortelje om endå eit tiltak: Mattilsynet har bedt kommunane som ligg rundt Nordfjella om å gjennomføre ein reduksjon av hjorte- og elgstamma i haust. Dette også for å reduserer smittefaren. Han presiserer at alle desse tiltaka er gjort for at ein skal vera mest mogleg føre var og gjera så mykje det er råd å gjera for å hindre at denne sjukdommen spreier seg. “Ein viktig del av arbeidet er òg å informere publikum om kva som skjer, det handlar om å få folk til å ta inn kunnskapen, og dette er noko som tek tid”, avsluttar han.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing