Småstubbar om villrein

Lokalhistorikar Knut Hermundstad frå Vang i Valdres er ein som har skrive ned mykje tradisjonsstoff om villrein og villreinjakt. Me tek her med tre små stykke som handlar om villrein, veiding og overtru. Stykka er henta frå boka “Truer om villdyr, fangst og fiske” frå 1967.

Ei “tyngd” varsla om villrein

“Ola Skjefte, godfar min, tala jamt om at han kjende på seg når villreinen var nær ved. Då kom det over han ei merkeleg tyngd, så han fekk slik hug til å sova. Då laut han ta seg saman, for då var det straks før han fekk sjå villrein.”

Maning og fjetring

Dei veidarar som var dugande i yrket sitt, fekk jamt det ordet på seg at dei kunne mana villreinen til seg og fjetre han, så dei fekk skjote så mykje dei ville. Det er òg sikkert at sume av dei gamle veidemenn trudde på denne trolldomen. Ja, dei ikkje berre trudde på han, men dei fekk tak i svartebokformlar, som dei mulla på når dei såg villrein. Hjå ein av dei fremste gamle veidemenn i Valdres fanst det mellom nokre gamle papir etter han ei “fjetrebøn.” Ho lyder ordrett slik:

At fjætre. Hør du mand stat stille paa stand, mens jeg gaar min vei frem. Guds Haand over mig, jernbaand på dig i 3 navn Gud Faders Søn og Hellig Aand, Ammen.

Her kunne ein sjølvsagt berre setja “Rein, simle eller bukk i staden for “mand”, så var bøni til bruk for veidaren.


Illustrasjon henta frå boka "Den dragende flok" med tekst og teikningar av Jens Rosing

Illustrasjon henta frå boka “Den dragende flok” med tekst og teikningar av Jens Rosing

Villreinskyttaren som jaga huldrejentene

Gamle Halten i Vang i Valdres var svær villreinskyttar. Ein gong han var på veiding, låg han i eit sel. Han hadde om kvelden tent opp eld på åren og hadde drege av seg på føtene og sat og lunka og turka seg med han spelte på munnhorpa si.

Om litt fekk Halten sjå at det dansa to jentor etter spelet hans frampå selsgolvet. Han let, og dei dansa vel og lenge. Då han endeleg laut slutte spela, kom ei av jentene bort til han og tok til å lugge han på leggene, for han var så løin på føto. men dette likte ikkje Halten, som ventande var. Til slutt spratt han opp, tok børsa si og meinte så til at no fekk jentone pakke seg på dør. Med det same dei slapp ut, såg han at båe hadde rovor.

Dagen etter var gamle Halten på villreinjakt att. Han såg mykje rein som var på fint skothald. Men den som skaut bom heile dagen, var Halten. Ikkje ein rein felte han.

Då Halten i kveldingi gjekk om ein stor haug nær stølen han låg på, ropte det til han frå haugen: “I dag fekk gamle Halten måte mykjy. O dæ fekk’n att førdi han skremde jentudn våre mæ skrellpipun sine”!

Då svara gamla Halten: “Be dei koma att i kveld, sko dei få danse mettin sin!” Jentone kom att og dansa vel og lenge etter spelet til Halten. Seinare datt villreinane for skoti åt Halten nett som før, alt han ville ha.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing