Slutt på kontrollkort i villreinjakta?


Miljødirektoratet ynskjer å oppheve § 30 om kontrollkort i forskrift om forvaltning av hjortevilt. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Miljødirektoratet ynskjer å oppheve § 30 om kontrollkort i forskrift om forvaltning av hjortevilt. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Miljødirektoratet sender i desse dagar ut eit nytt forslag på høyring om å oppheve § 30 “kontrollkortordning for villreinjakt”. Forskrifta høyrer inn under forvaltninga av hjortevilt og er ei eldre ordning som Miljødirektoratet no meiner er overflødig etter som andre eksisterande ordningar er tilstrekkelege.

Bakgrunnen for ordninga med kontrollkort for villreinjakt var å sikre god rapportering frå villreinjakta. Direktoratet meiner at elektroniske løysingar og andre eksisterande ordningar av i dag kan vera med på å forenkle rapporteringa for villreinjegerar. I den eksisterande innarbeidde ordninga må dei same opplysningane rapporterast tre stader: på merkelappen, på kontrollkortet og på “Sett og skutt”, www.settogskutt.no. I tillegg blir det sendt inn fellingsrapport frå ein representant for valdet.

Tillit til jegerstanden
Via “Sett og skutt” får andre aktørar i villreinforvaltninga greie på informasjon om jakta, ifylgje Miljødirektoratet, som òg legg vekt på at tilliten til dagens villreinjegerar er slik at det er liten grunn til å bekymre seg for ulovleg jakt. Ein har rett og slett såpass tru på at sjølv om fjerninga av kontrollkortet vil redusere kontrollen av felte dyr, vil ikkje systemet bli utnytta og med det trur heller ikkje direktoratet at dette vil vera negativt for villreinbestandane. Denne tilliten byggjer på det faktum at opplæring av villreinjegerar, haldningar og jegermoral har blitt langt betre enn kva som var tilfelle då ordninga blei innført. Ei oppheving av §30 vil overlate meir til den einskilde jaktrettshavar om der skal førast kontroll og korleis denne kontrollen skal utførast i høve til riktig tal og kategori felte dyr i valdet, heiter det.

Årsak: digitalisering
Som på mange andre samfunnsområde har digitaliseringa no også kome til villreinsektoren. Stikkord er fornying, forenkling og forbetring av offentleg sektor. Talet på papirskjema skal fasast ut, og planen er å få til ei betre og meir presis datainnsamling som vil kunne vera ein fordel for alle delar av hjorteviltforvaltninga, heiter det i framlegget frå Miljødirektoratet.

Framlegget blir no sendt ut på høyring til alle relevante instansar, høyringsfrist er  15. mars 2018. Last ned framlegget her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing