Setesdal Ryfylke villreinområde – lang periode med tamrein


Samling i samband med kalvemerking i Væringsdalen på 1930-talet, litt nordvest for Breive-gardane i Bykle (foto utlånt av Annelise Breive Skjævesland).

Samling i samband med kalvemerking i Væringsdalen på 1930-talet, litt nordvest for Breive-gardane i Bykle (foto utlånt av Annelise Breive Skjævesland).

Setesdal Ryfylke villreinområde er det nest største i landet i høve til areal, heile 6156 km2. Til samanlikning er Setesdal Austhei 2400 km2 stort. Vestheia har ei lang og brokete historie – stikkord er ein lang tamreinperiode og fenomenet Heibergheiane/Njardarheim.

Norsk villreinsenter ynskjer i fleire artiklar å rette fokus mot dei villreinområda som tidlegare har hatt tamrein. Her kjem fjerde artikkel, som omhandlar Setesdal Ryfylke. Les også “Norefjell – frå svensk skogsrein til villrein”, “Vest-Jotunheimen – Noregs “villaste” villreinområde?” og «Setesdal Austhei og Våmur Roan villreinområde» (villrein.no).

Pilt-Ola

Me må til Ryfylke og Sirdalsheiane for å finne dei eldste spora etter tamreinsdrift i området som no går under namnet Setesdal Ryfylke villreinområde. Den fyrste namngjevne personen som er involvert i den tidlegaste tamreindrifta her, er Pilt-Ola, eller Ola Songesand (1779-1858) som han heitte. Historiene om Pilt-Ola har nærast gjort han til ein slags eventyrfigur. Men historia er realistisk nok om ein plukkar vekk ein del av segnstoffet. Han var oppvaksen på Songesand i Lysefjorden og opplevde alt som 8-åring at der var tamrein på ein grannegard, Sunnmork. Det heites at dei fyrste tamreinane kom med Kristoffer Hjeltnes frå Ulvik til dette området.

Pilt-Ola voks altså opp med tamreindrift, sjølv om denne eldste drifta etter alt å dømme ikkje blei særleg langvarig. Han utmerka seg alt i ung alder som ein “gründer”, og han søkte Norges Vel om støtte for å starte opp med tamreindrift i områda mellom Sirdal og Setesdalsheiane. I 1817 fekk han klarsignal og gjorde som dei tidlege føregangsmennene innafor tamreindrift i Hallingdal og Eidfjord; drog nordover til “Finnmark” (dvs. Rørosområdet) for å kjøpe rein og søkje faglege råd hjå samane. Det var dei som var ekspertane på reindrift.

Frå Sirdal til London


Grafisk trykk av engelsk opphav som viser samefamilien som kom frå Sirdalsheiane til London i 1822.

Me skal ikkje her måle ut meir om Pilt-Ola, der finst ein omfattande litteratur om han. Men det som bør forteljast er at han fekk med seg ein samefamilie frå Røros sørover, og at dei skal ha kome til Sirdalsheiane ca. 1819 saman med om lag 150 tamrein. Samefamilien var Jens Tomassen Holm (1794-1834) og kona Karen Christiansdotter (f. 1793) og ein unge på to år. Mykje tyder elles på at Pilt-Ola hadde vore fleire turar nordover, slik at han alt før denne turen kjende til samar og tamreindrift. Men det gjekk ikkje så bra med dette tiltaket, det var ikkje lett å drive med tamrein i eit villreinområde. Enden på visa blei at samefamilien drog over til England med reinsdyr og det heile og enda opp i London hjå ein Mr. Bullock som hadde kjøpt delar av den resterande reinsflokken. Mr. Bullock dreiv ei form for underhaldning/utstilling og i 1822 finn me samefamilien og nokre reinsdyr på “Mr. Bullock’s Exibition of Laplanders”. Men reinsdyra døydde etter kvart, og i 1827 vende samefamilien tilbake til heimeområdet Røros. Dette er den eldste dokumentasjon om samar på utstilling i utlandet.

Andre tidlege forsøk med tamreindrift

Både frå Setesdal, Røldal og Suldal er der historier om forsøk på tamreindrift på 1800-talet, ofte var det snakk om få dyr, og ofte var det mangel på røynsle, kunnskap kompetanse som gjorde at tiltaka ikkje blei vellykka. Me kjenner til tamreindrift i Røldal i 1840-åra, i Suldal i 1850-åra og i 1855 i Breive i Bykle.

Håkon Kvammen, etterkomar av ein samisk gjetar som kom til Eidfjord, har sagt det slik: “Mange merkte reinsdyra og sleppte dei til fjells som sauer. Resultatet var at dyra blei ville og forsvann eller blei tekne av rovdyr.” Og etter 1850, og særleg etter 1860, gjeng det ut med tamreindrifta både i Ryfylke, Setesdalsheiane og lenger nord. Rovdyra var største grunnen, særleg ulveperioden etter 1860.

Samar kom med eigen rein

Historia om dei fyrste samane som kom med eigen rein til Setesdalsheiane i 1880-åra er godt kjent. Mykje er samanfallande med historia som er fortalt om Setesdal Austhei. Ein av dei tidlege samefamiliane som tok i bruk beite i Setesdal Vesthei i 1890, fyrst i Vatnedalsheiane, seinare lenger sør i Austad- og Hylestadheiane, var Jonas Johnsen og Brita Mortensdotter. Dei var sørsamar som hadde kome nordfrå, dei hadde kome dels frå grenseområda sør i Nordland fylke, dels frå område sørover i Trøndelagsfylka. Denne tamreindrifta kom raskt i konflikt med lokale grunneigarar, samane hadde leigd for små beite og fekk eit litt dårleg ord på seg. Men som så ofte er tilfelle, har også denne historia fleire sider. Lensmannsbetjent Juel Lund i Valle kom godt overens med dei fleste av samane, og han overtok etter kvart reinen til Johnsenfamilien. Sjølv hadde han i 1895 starta Setesdalens Reinssamlag i lag med nokre grunneigarar frå Rysstad i Valle. Beiteområdet deira var blant anna Rysstadheia på vestheia. Men dette laget blei raskt lagt ned.

I 1892 kom den største reinsflokken eigd av samar til Setesdal, det var flokken til Margrethe Nilsdotter og John Thomassen, også dei frå sørsamisk område, 4000 dyr skal flokken ha vore på. Også denne flokken hamna på vestheia i fyrste omgang, nærare bestemt i områda kring Nordbygda i Bykle, Botneheiane, Neslandsheiane og Tveiteheiane. John Thomassen døydde raskt etter at han kom til Bykle, men enka og ungane dreiv vidare og fekk etter kvart djup respekt blant bygdefolket. Lokale folk og samar dreiv ofte i hop, og det er liten vil om kven som var læremeistrar.

Lars og Sigrid Johnsen

Lars Johnsen var ein av ungane til John og Margrethe, han blei gift med Sigrid Anna Jonsdotter. Dette sameekteparet er kan hende dei som har sett djupast spor etter seg i Setesdal, dei var òg innom Hol og var to periodar i Eidfjord. Ei syster til Lars, Lisle-Margrethe, er òg ei mange kjenner til, ho og systrene hennar var gjetarar dei òg, og saman med mannen og svensksamen Nils Anderson, kom Lisle-Margrethe til Uvdal og dreiv med reindrift der. Dei har, som fleire av samefamiliane, stor slekt etter seg her i sør.

Lars og Sigrid Johnsen var dei siste samane med eigen rein i Setesdal. Etter at dei hadde vore ein tur over Hardangervidda til Hol og Eidfjord, kom dei tilbake til Setesdal i 1907, denne gong til Valle og Rysstadheiane. I mellomtida hadde Juel Lund stilt seg i spissen for eit lokalt initiativ, Breive reinsdyrsamlag (1903), som fekk eit langt liv og blei viktige for Bykle kommune og særleg for fjellgardane i øvre delar av kommunen.


Ved den vesle bua i Sandvasskvæven i Rysstadheia der sørsamane Lars og Sigrid Johnsen heldt til sommarstid i perioden 1907 og 1915. Alle personane bortsett frå éin, er ukjente, nr. to frå vestre er Brita Bergli, mor til Sigrid, ho budde òg i denne b…

Ved den vesle bua i Sandvasskvæven i Rysstadheia der sørsamane Lars og Sigrid Johnsen heldt til sommarstid i perioden 1907 og 1915. Alle personane bortsett frå éin, er ukjente, nr. to frå vestre er Brita Bergli, mor til Sigrid, ho budde òg i denne bua (foto utlånt av Lajla Renander).

Det er kjent at Lars og Sigrid Johnsen fekk bygd ei gjetarbu i Sandvasskvæven inne på fjellet, eit stykke sør for dagens fylkesveg 45, Brokke-Suleskarvegen. Dette skal ha vore like etter at dei kom tilbake frå Eidfjord/Veigdalen i 1907. Ekteparet dreiv heile tida med eigen rein saman med eit anna ektepar, Anders og Kristine Renander, og var òg av dei tidlege sørsamane som dreiv med handel med livdyr av rein til ulike tamreinlag i Sør-Noreg. Dette fortsette dei òg med etter at dei drog tilbake til Trollheimen der dei busette seg for godt, og der etterkomarane driv med reindrift den dag i dag.

Heibergheiane – frå tam til vill rein

Parallelt med at Breive reinsdyrsamlag etterkvart òg etablerte seg i beiteområda i nordre delar av vestheia, byrja bymannen Thorvald Heiberg i 1904 å kjøpe opp eigedomar lenger sør i desse heiane, fyrst i Lyse og Sirdalsheiane, seinare òg i Setesdal. Heibergs store draum var å etablere ein enorm “villreinpark” i Sirdal og Setesdal. Han betalte godt og freista med utsikter til arbeid. Og etter at behovet for sauebeite hadde gjenge ned, såg mange grunneigarar på desse heiane langt inne fjellet som mindre lønnsame. Frå 1906 til 1910 fekk Heiberg sett opp ein heil del jakthytter, og eigedomen hans kom etter kvart opp i ein million dekar fjell. I ein periode etablerte Heiberg dette som ein eksklusiv tumleplass for velståande utanlandske jegerar. I bygdene rundt det som seinare fekk namnet Njardarheim, var synet delt på verksemda til Heiberg: På vestsida mot Sirdal blei Heiberg mest ein helt som skaffa arbeid til folk, medan det i Setesdal var meir konfliktfylt. Lensmann Juel Lund i Valle var til dømes ein som åtvara mot oppkjøpa Heiberg stod for, han uttrykte seg slik om det som skjedde: “Fjellet og heiane hadde kome or hugen og tankesveimen for bonden.”

For samane blei dette byrjinga på slutten med eigen rein i Setesdalsheiane. I eit brev frå Sigrid Johnsen, datert 1911, og stila til “Stiftsmanden”, får me hennar versjon av kva som skjedde i møtet mellom ei veksande villreinstamme og tamreindrifta i vestheia. Brevet var eit tilsvar på at samane blei melde for å ha beita ulovleg. Ho skriv at det blir problem for tamreindrifta når villreinen kjem og flokkane blandar seg: “Hvad skade gjør tamrenen til den vildren, jo den sammenblande seg og bliver vild og formerer den meget, er det for at tamrenen skal skydes? Ja, nu kan vi lappe se hvad støtte vi har av mor Norges autioritet, vi skal kues og væk.”

Det høyrer med til historia at Heiberg sa opp kontraktane med samane på dei eigedomane han overtok. Samane fekk eitt år på seg til å avvikle drifta og koma seg ut av området. Etter at Lars og Sigrid hadde trekt seg ut rundt 1915, viste det seg at ca 100 tamdyr gjekk att, i tillegg hadde Heiberg alt kjøpt 200 dyr av sameekteparet. Det totale dyretalet er opplyst til å vera 400-500 dyr på denne tida, altså basisen for villreinstamma Heiberg bygde opp. Om desse tala ikkje er 100% til å stole på, og om ein likar det eller ikkje, er basisen for det som no går under Europas sørlegaste villreinstamme, tufta på eit betydeleg innslag av tamrein, kanskje så mykje som to tredjedelar.

Siste tamreinperioden


Reinsflokken til Byklehei reinsamlag i Halsenutane, bak ser me Nipavatn. Dette er langt nord i Setesdal Vesthei (foto utlånt av Kay Arne Jeiskelid).

Reinsflokken til Byklehei reinsamlag i Halsenutane, bak ser me Nipavatn. Dette er langt nord i Setesdal Vesthei (foto utlånt av Kay Arne Jeiskelid).

At ògså den andre tamreindrifta i vestheia, Breive reinsdyrsamlag 1903 til 1928, og Byklehei reinsamlag 1930 til 1979, mista dyr til villreinflokkane er svært sannsynleg. Meir sannsynleg enn at villreinen blei temt og kom inn i tamreinflokkane, sjølv om det nok òg har skjedd. Historia om siste tamreinperioden i Bykle er elles langt på veg fortalt i artikkelen om Setesdal Austhei.

Les meir i «Setesdal Austhei og Våmur Roan villreinområde» (villrein.no).

Dagens villrein i Setesdal Ryfylke villreinområde er kjent for å vera meir vill og sky enn reinen på austheia. Dette har sjølvsagt å gjera med at villreinstamma i vest har vore vill mykje lengre enn på austheia, pluss at ein her til dels hadde villrein som nedstammar frå den opphavlege stamma i området, før tamreinen fløymde over heiane i stort omfang.

I femte del av denne artikkelserien vil me rette fokus mot Nordfjella. Denne kjem på trykk i desember.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing