Saneringsplan for Nordfjella villreinområde

Det er bestemt at all villrein i sone 1 i Nordfjella skal takast ut. Mattilsynets saneringsplan for uttak av villrein i Nordfjella sone 1 blei lagt fram den 15. juni. Planen omfattar blant anna ulike metodar for uttak av villreinstamma, kva som er suksessfaktorar og kva som ein reknar som meir usikkert.

Mattilsynet og Miljødirektoratet har på oppdrag av Landbruks- og matdepartementet lagt fram ein omfattande saneringsplan for uttak av villreinbestanden i Nordfjella sone 1. Oppretting av fleire ulike faggrupper og ein dialog med ressurspersonar har stått sentralt i arbeidet med planen. Ut av dette har ein kome fram til tre ulike metodar som skal brukast i arbeidet med å ta ut denne reinstamma. Planen held fast ved målsettinga om atarbeidet skal vera avslutta den 1. mai 2018, men tek høgde for atm.a. vêr og føreforhold vil kunne ha innverknad på i kor stor grad ein vil lykkast med denne målsettinga.

Under følger ei kortfatta oppsummering av saneringsplanen.
Du kan lesa planen i sin heilheit på Miljødirektoratet sine sider.

Den 20. mai ble det 4. tilfellet av skrantesyke bekreftet i Nordfjella. I vinter merket Norsk institutt for naturforskning (NINA) flere villrein med GPS-sendere i Nordfjella villreinområde. Det ble tatt vevsprøver av disse dyra. Det er en av de merka bukkene som nå har fått påvist Skrantesyke. Bukken er nå tatt ut og sendt til Veterinærinstituttet for videre undersøkelse. Les mer på NINAs nettsider. Foto: Roy Andersen, NINA.

Den 20. mai ble det 4. tilfellet av skrantesyke bekreftet i Nordfjella. I vinter merket Norsk institutt for naturforskning (NINA) flere villrein med GPS-sendere i Nordfjella villreinområde. Det ble tatt vevsprøver av disse dyra. Det er en av de merka bukkene som nå har fått påvist Skrantesyke. Bukken er nå tatt ut og sendt til Veterinærinstituttet for videre undersøkelse. Les mer på NINAs nettsider. Foto: Roy Andersen, NINA.

1. Ordinær jakt
Ein ser for seg at hovuddelen av uttaket av rein skal skje ved utvida ordinær jakt i Nordfjella sone 1. Villreinnemnd og villreinutval har lagt grunnlaget for eit høgt jaktuttak ved auka jaktkvotar og utvida jakttid, frå 10. august til 31. oktober. Det har blitt laga spesielle jaktkort for dette området der kvar jeger vil kunne få moglegheit til å felle eitt valfritt dyr og ein kalv.

Ein koordinerande oppsynssentral skal opprettast av SNO, men det praktiske arbeidet skal gjerast av Nordfjella villreinutval, som er ein privat grunneigarorganisasjon. Oppsynsmannskap både frå SNO og villreinutvalet vil vera i fjellet store delar av jaktperioden. Fem prøvetakingsplassar skal etablerast. Det skal takast prøver av alle dyr, både hjerne- og lymfeprøver og møkkprøver. Ein har eit håp om at ca 1000 dyr skal kunne fellast i samband med den ordinære jakta.

Foto: Kjell Bitustøyl.

Foto: Kjell Bitustøyl.

2. Statleg felling
Det statlege fellingslaget vil i utgangspunktet starte opp rette etter at ordinær jakt er avslutta, dvs. 1. november. SNO vil vera ansvarlege for å gjennomføre denne fellinga. Uttakinga skal vare fram til 1.5.2018 eller til alle rein er felt. Viss det ordinære jaktuttaket skulle vise seg å vera dårleg i eit område,  kan statleg personell starte før 1. november. Dette med bakgrunn i at det er enklare å jakte i september og oktober. Likevel reknar ein med at dette uttaket vil vera mest effektivt på vinterstid ved bruk av snøskuter.

Bruk av motorisert ferdsel vil vera avgjerande for å kunne gjennomføre ei god felling. Miljødirektoratet vil stå for eit felles anbod og leige av helikopter både ved transport av kjøtt i samband med ordinær jakt og i samband med det statlege fellingslaget. Villrein kan bli felt frå helikopter dersom det er snakk om einskilde dyr eller svært små flokkar.

Det statlege fellingslaget vil bli leia av SNO, og ca 30 personar vil bli engasjert i samband med dette oppdraget, slik at ein kan ha ein turnusordning.

3. Inndriving og avliving
Å drive inn så store flokkar med sky villrein har ikkje vore gjort før her i landet. Likevel er dette den tredje metoden ein vil nytte. Ein slik metode med inndriving i hegn kan vera svært effektiv for å ta ut ein stor del av bestanden. I saneringsplanen blir det lagt vekt på at dette tiltaket skal fylgjast tett for å sikre nødvendige dyrevelferdsmessige omsyn.

Det er planen å bygge eit gjerdeanlegg med 3-4 innhegningar innafor leiegjerdet og ein eventuell beitehage som må kunne ta minst 1000 dyr. Kjøledalen i Lærdal er så langt peika ut som ein mogleg stad for dette tiltaket.

Også her er det SNO som har ansvaret for gjennomføringa, men her er tamreinnæringa peika ut som dei med solid erfaring med handtering av tamrein på denne måten. Vidare vil ein engasjere personell med god lokalkunnskap om fjellområdet og villreinen for å hjelpe til med å drive og handtere dyra. Mattilsynet vil syte for personell til avliving og sikre vidare handtering av dei døde dyra.

Tidspunktet for denne inndrivinga vil kunne vera rett etter ordinær jakt, altså parallelt med den statlege fellinga. På grunn av omsynet til drektige simler vil ikkje denne metoden bli brukt på simler for langt utpå våren.

Usikkerheit
I høve til ordinær jakt skisserer ein opp fleire viktige faktorar: jegerane sin motivasjon, gode jaktforhold, og vêret ikkje minst, dårleg vêr kan fort påverke både sjølve jakta, og om det er mogleg å få frakta slaktet ut med helikopter.

Vêr og føreforhold vil vera ein liknande usikker faktor i samband med den statlege fellinga og vil kunne påverke talet på dagar med effektiv jakt.

Når det gjeld inndrivingaav villrein i hegn, er det usikkert korleis dette vil fungere, i og med at dette ikkje er gjort før i dette omfanget. Mattilsynet vil difor evaluere og eventuelt justere undervegs og avlutte det heile om det blir nødvendig. Ein vil forsøke å tilvenne dyra til motorisert ferdsel i forkant av inndrivinga. Også her vil vêret vera ein avgjerande faktor.

Kjøtet
I saneringsplanen er det sagt at kjøtet frå ordinær jakt kan brukast til mat som vanleg, så lenge dyret har testa negativt for skrantesjuke. Med bakgrunn i ulike faktorar, blant anna praktiske og med omsyn til sikkerheit forbunde med smitte, vil kjøtet av villrein som blir felt av det statlege fellingslaget pluss det som blir avliva etter inndriving, som hovudregel ikkje bli brukt til menneskeføde.

Andre tiltak
Saltplassar, som kan vera viktige smitteplassar, skal gjerast inn. Det skal òg setjast opp gjerde for å skilje tamrein og villrein langs riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og utvalde strekningar langs Fylkesveg 50 Hol-Aurland.

Saneringsplanen inneheld òg eit kapittel om korleis villreinstamma i Nordfjella sone 1 skal reetablerast etter ein periode med brakklegging i minst fem år. Viktig her er sjølvsagt at dette er rein som er fri for skrantesjuke, og at reinen aller helst skal vera av same opphav som dagens dyr i Nordfjella sone 1.

Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no - Kjell Bitustøyl