Reinsveiding i Telemark i gamal tid

 Utskore kruthorn med årstalet 1689, frå Fetveit i Vinje. Teikning: Øystein Vesaas

Utskore kruthorn med årstalet 1689, frå Fetveit i Vinje. Teikning: Øystein Vesaas

Folkeminnegranskar Rikard Berge frå Rauland i Telemark har skrive om villrein og veiding før i tida. Med referanse til Engebret Michaëlsen Mandt, som levde på 1700-talet og skildra Øvre Telemark,  seier han at det var veidinga – dvs. jakta – som lokka folk til å busetje seg i eit land ”som elles berre var tillaga for villdyr.”

1600-talet
Berge skriv at børsa kom i bruk på 1600-talet i fjellbygdene i Telemark, ”musket” som han kallar det, eit handskytevåpen med luntelås, hjullås eller flintelås ifylgje leksikon. Dette var brukt i perioden 1500-1700 og var av typen munnladningsgevær. I fylgje gamle skiftebrev er børser og fint utskorne kruthorn funne alt tidleg på 1600-talet i Øvre Telemark.

”Frametter 1700-talet fanst det byrse so aa segja paa kvar gard,” skriv Berge. Han fortel om korleis bonden drog til fjells og veida rein, utrusta med børse og niste, og ikkje så sjeldan hadde han hest til å kløvje kjøtet.

Urda ned kjøtet
Ein måtte urde ned det kjøtet ein ikkje fekk med seg. Kjøt som var godt ned-ura kunne halde seg heilt til våren ”um det berre var godt ’drag’ i urdi”, skriv Berge. Og kva skulle det tene til å urde ned kjøtet? Jau, sjølvsagt for at ikkje jerv, fjellrev og rovfugl skulle koma til det.  Det blei sett opp ein varde for at ein skulle finne att plassen.

”Elsdiur og Reinsdiur”
Så skulle ein bruke dyret, og bøndene på Rauland, Møsstrond og i Grungedal ”nytta baade kjøt og hud, hudi helst til klæde, hudskor og reimskinn.” Me fær òg høyre om at vilt og skinn blei selde til byane kvar vinter. Peder Claussøn Friis (1545-1614) fortel om telemarkingane at dei ”slaae mange Elsdiur oc Reinsdiur, skiude vilde Fugle, fange Los (gaupe) og Maard, Vlffe, Biørne, Reffve, Felefrodz (jerv), Otter, Befuer, Egern, Hermelin etc”.

Veideretten i høgfjellet var rekna for fri for kvar mann. Slik kunne òg dei som var dømde fredlause, halde seg i skjul i fjellet og veide og fiske til livets opphald.


villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing