Reinsdyret sto sentralt på Langfjellaseminaret 2018

Det tredje Langfjellaseminaret i rekkja gjekk føre seg på Krækkja turisthytte helga 14.-16. september. Det var friskt haustvêr med innslag av både sludd og snø. Reinsdyret var eit gjennomgangstema i fleire innlegg. 

Samspelet mellom mennesket og reinen
Det er Ola Vaagan Slåtten frå Hol som er initiativtakar og primus motor bak Langfjellaseminaret. Tanken bak seminaret er å skape ein arena i natur- og kulturmiljøet på og rundt Krækkja, der folk kan møtast for å snakke saman, lære nytt og utveksle erfaring og idear knytt til fjell og rein, både villrein og tamrein. ”Himmelen over prosjektet” som det heiter, handlar om eit ynskje om ei berekraftig utvikling, ei utvikling som byggjer på og tek vare på natur- og kulturverdiane. Det handlar om at eit unikt fjelløkosystem med blant anna ein 10 000 år gammal fangstkultur, kan skape grunnlag for identitet, arbeidsplassar og busetjing i den sørlege fjellregionen også i framtida. Samspelet mellom mennesket og reinen står sentralt i høve til undervisning, identitet og næringsinteresser, sett i eit historisk lys, men òg i eit framtidsperspektiv. Ola Vaagan Slåtten har med dette seminaret skapt ein møteplass der folk med ulik bakgrunn kan møtast: forskarar, forvaltarar, politikarar, tradisjonsberarar, gjetarar m.m.

 Alf Waaler, tidlegare jeger og fjelloppsynsmann, deltok på Langfjellaseminaret. Han fortalde om eit langt liv i fjellet til alle årstider.

Alf Waaler, tidlegare jeger og fjelloppsynsmann, deltok på Langfjellaseminaret. Han fortalde om eit langt liv i fjellet til alle årstider.

CWD og situasjonen no
I etterkant av uttaket av villreinbestanden i Nordfjella sone 1, er det no fleire som rettar blikket opp og fram med tanke på kva som bør og skal skje vidare i høve til CWD-problematikken og saneringsplanen. Hallgeir Herikstad frå Mattilsynet gjekk gjennom historikken, og vel så viktig: Kva er situasjonen pr. dags dato? Han kunne blant anna fortelje at også Sverige og Finland har gjennomført prøvetaking av hjortedyr som er funne døde. Ingen positive prøver er funne i Sverige. I Finland har ein påvist smitte på ein 15-år gammal elg, men dette er ikkje av den ”farlege” sorten CWD, som ein har funne i Nordfjella sone 1. Frå EU har det elles kome krav om testing av både tamme og ville hjortedyr i Sverige, Polen, Finland og Noreg over ein 3-årsperiode. EU står på kravet om at hjortedyrkjøt frå heile Noreg må testast før omsetjing i EU, etter føre-var-prinsippet.

Herikstad tok for seg dei ulike punkta i saneringsplanen, blant anna ytterlegare tetting og forlenging av sperregjerdet på Hemsedalsfjellet, avstenging av saltsteinar, bestandsreduksjon av hjortedyr i randsona og friskmelding før reetablering. Mattilsynet opererer med 99% sikkerheit i brakkeleggingsperioden før friskmelding kan finne stad i sone 1. I sone 2 ynskjer ein seg 90% sikkerheit i år. Det blei òg sagt at Mattilsynet treng eit høgare uttak enn det blir lagt opp til ved ordinær jakt.

Når det gjeld Hardangervidda er konklusjonen at ein ventar at det kjem inn 1000 prøver frå ordinær jakt, mest bukkar, status pr. 13.9 var 255 dyr felt.   

Vegen vidare i Nordfjella
Siri Wølneberg Bøthun, sekretær for Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd, snakka mest om framtida, men sa at for året 2017 hadde det eigentleg ikkje vore den lokale villreinnemnda som var forvaltar i Nordfjella. Men ho la vekt på at ein no må jobbe i lag framover og finne ei felles plattform for samarbeid med nasjonale aktørar. Ho oppsummerte at villreinstamma i Nordfjella er redusert med ¾ og at området mellom Fv 50 og Rv 52 no er tomt for dyr. Ho skisserte opp føresetnader for reetablering: Friskmelding av sone 2 og Hardangervidda, hindring av spreiing av smittestoff frå sone 1 og at ein livskraftig stamme bør baserast på donorbestand der fyrste prioritert er rein frå sone 2.

 Siri Wølneberg Bøthun, sekretær for Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd snakka om framtidsutsiktene for Nordfjella.

Siri Wølneberg Bøthun, sekretær for Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd snakka om framtidsutsiktene for Nordfjella.

Bøthun var òg innom saka knytt til ynsket om ekstra uttak frå Mattilsynet utover dei vedtekne kvotene. I etterkant av protestane frå lokale villreinnemnder som blei tatt til følgje, er det no signal om vilje til samarbeid og dialog i framkant av kvotefastsetjingane for 2019. For Nordfjella sone 2 sin del uttrykte Bøthun bekymring for at risikoen for stamma der er høg om ein tek ut for mykje bukk. I denne samanheng ynskte ho at den lokale forvaltninga i større grad må få vera med rundt arbeidsbordet når desse viktige avgjerdene skal takast med tanke på kvotane for neste års prøvetaking.

DNT og villreinen
Leiar for avdeling for naturforvaltning i DNT, Anne Mari Aamelfot Hjelle, la vekt på at DNT ynskjer å vera ein ansvarleg samfunnsaktør også i høve til fjell og villrein,  altså arbeide for å sikre naturgrunnlaget.  Blant anna fokuserte ho på at DNT kan brukast til å informere, dei har gode kanalar til det, blant anna nettsida ut.no. Elles var ho innom tema som kiting, sykling og det mykje brukte omgrepet berekraftig reiseliv.

DNT er viljuge til å leggje om på ruter der det er kan synast nødvendig. Eitt av tiltaka i DNT’s natur- og miljøvernstrategi for 2017-2019 er å bidra til ei berekraftig forvaltning av villrein. Samtidig viste Aamelfot Hjelle ein statistikk som fortel at trafikken på dei fleste hyttene på Hardangervidda ikkje har stige nemneverdig dei siste åra. Og at ein må sjå på summen av alle påverknadsfaktorane: hyttefelt, veg/jernbane, energiutbygging m.m.

I høve til DNT’s rolle i forvaltninga av villreinen, vil DNT samarbeid med andre om besøksstrategi, stenge hytter til bestemte tider, unngå tilrettelegging i sårbare område, invitere til god dialog ved nyetableringar osv. Ved å vise til DNT’s store medlemsmasse kom fylgjande sitat: ”Uten fremtidige skarer med engasjerte og kunnskapsrike fjellfanter, vil villreinen miste sine viktigste allierte.”

Tamrein, samisk kultur og historikk
Kjell Bitustøyl, journalist og prosjektmedarbeider ved Norsk villreinsenter Sør, tok utgangspunkt i ein serie som er i gang på nettsida villrein.no, der tema er villreinområde som tidlegare har hatt tamrein. I desse områda er det samane som har vore ekspertane, det er dei som fyrst og fremst har kome med kompetansen og  kunnskapen. Historia om denne perioden omfattar heile Langfjella; Setesdalsheiane, Hardangervidda og Nordfjella.

Hege Skalleberg Gjerde tok for seg temaet ”Kor norske er dei runde tuftene i Hallingdal?” Ho er arkeolog og er for tida tilsett hjå Riksantikvaren. Ho tok doktorgraden sin dels med basis i dei runde tuftene som er funne i Hallingdal, i Urevassbotn og i Byrkjedalen.  Tuftene har vore bustader med eldstad og er datert både til 900 e. Kr. og 1200 e. Kr. Det var eit lokalt prosjekt som fyrst kartla desse runde tuftene. Skalleberg Gjerde trur difor at fleire av denne typen er å finne om ein går meir systematisk til verks i andre område her sør. I samband med samiske spor i dette område finst der elles ei gamal segn om at samane brende ned skogen i Byrkjedalen.

 Arkeolog Hege Skalleberg Gjerde har forska på dei runde tuftene i Hol.

Arkeolog Hege Skalleberg Gjerde har forska på dei runde tuftene i Hol.

Og sjølv om det er svært sannsynleg at tuftene er samiske, er likevel Skalleberg Gjerde enno litt forsiktig med å seie at dette er heilt sikkert. Ho viser til at rekkje-eldstadane ved Aursjøen på Lesja framleis er den mest sørlege 100% sikre samiske buplassen, men ho ser ikkje bort i frå at fleire funn kan styrke teorien om samiske buplassar i Hol. Ho er ikkje framand for at samar kan ha blitt hyra inn som ekspertise i samband med fangst av villrein.

Nok ei rund tuft blei funne i sommar i Hol, i samband med utgraving i reguleringssona ved Strandavatn. Øsmundset heiter staden, og eit langhus blei òg funne. Men funna er enno ikkje daterte. Lokalhistorikar og lensmann Torstein Seim frå Hol viste bilete frå denne utgravinga, likeins av eit funn av pilespissar m.m. i  Ynglesdalen. Seim er aktiv i Hol historielag og kunne òg leggje fram meir kunnskap om fyrste tamreindrifta i Hol i 1780-åra med bakgrunn i samiske familiar han har funne opplysningar om i kyrkjebøkene i Ål frå 1780 til 1806.

 Torstein Seim, ivrig lokalhistorikar frå Hol, her i ei dyregrav ved Drageidfjorden, ikkje langt frå Krækkja turisthytte.

Torstein Seim, ivrig lokalhistorikar frå Hol, her i ei dyregrav ved Drageidfjorden, ikkje langt frå Krækkja turisthytte.

Sundagen var det oppsummering og heimereisedag, då delte deltakarane seg opp i to grupper, nokon gjekk sørvestsida av Storekrækkja og fekk med seg kulturminne som dyregraver, fangstbuer med meir. Dei andre gjekk hin vegen og fekk meg seg ei hole med bein inni ved Krækkja og forbi det kjende massefangstanlegget ved Svoi.

villrein.no - Kjell Bitustøyl/Are Endal Rognes