Reinheimen-Breheimen villreinområde – ei brokete tamreinhistorie – del 2


Steinflyi og Tundradalen. Foto: Anders Mossing

Steinflyi og Tundradalen. Foto: Anders Mossing

Her kjem andre og siste del om Reinheimen-Breheimen villreinområde. Fyrste del blei publisert fredag 08. mars.

Les også “Reinheimen-Breheimen villreinområde – ei brokete tamreinhistorie – del 1” (villrein.no)

Johannes Partapuoli

Den andre mykje omtalte samiske gjetaren og reineigaren som kom til dette området er Johannes Partapuoli. Han òg kom nordfrå med eigen rein, heilt frå Målselv til Tafjord med familie i 1895. Der dei budde nokre år, men søkte seg austover etter beite. Dei samarbeidde blant anna med nemnde Peder Rødal. Partapuolifamilien slo seg ned på Grotli ein periode. Etter at Skjåk kommune hadde lagt ned forbod mot tamreindrift ein periode frå 1901 og framover, gjorde Skjåk kommune i 1915 ein avtale med Partapuoli og Rødal om kjøp av tamrein. Johannes Partapuoli blei overgjetar for laget og reinbeitet skulle vera i Skjåkfjella. Partapuolifamilien begynte elles tidleg med å drive forretning – suvenirsal – med turistane, særleg skal det ha vore kona Marie som dreiv med dette, ho var språkmektig. Skjåk Tamreinlag A/S blei starta i 1918, men alt i 1919 hadde reinen blitt så vill at ein måtte handle inn ny og meir tam rein. Dyr blei kjøpt inn blant anna frå Martin Jonassen, Åmotsdalen. I 1920 overtok selskapet òg reinen til Partapuoli-familien.


Reinsflokk til Skjåk Tamreinlag i trøa på Vetleøygarden, Skjåk. Johannes Partapuoli t.h. Foto: Kristian Stakson, utlånt av Gudbrandsdalsmusea AS

Reinsflokk til Skjåk Tamreinlag i trøa på Vetleøygarden, Skjåk. Johannes Partapuoli t.h. Foto: Kristian Stakson, utlånt av Gudbrandsdalsmusea AS

Strid og konflikt i 1920-åra

Samtidig byrja vestlendingane å jakte på rein, og det oppstod konflikt omkring villrein og tamrein. 1920-åra var i det heile prega av samanblanding og strid om grenser mellom kommunane Skjåk, Stryn, Sykkylven og Norddal. Og i 1930 hevdar somme at det truleg ikkje var att meir villrein, andre kjelder fortel at berre var i nordaust i dagens villreinområde at det stadig var villrein tilbake. Konflikten toppa seg då det i 1922 frå tamreinhald blei skotne om lag 20 umerka rein, som det blei hevda var villrein. Ei hending som blei ”gjengjeldt” to år etterpå då ein tamreinflokk blei skotne av jegerar i grenseområda Tafjord, Skjåk og Geiranger. Overgrep frå båe partar er ord som blei brukt. Men i retten blei jegerane frå Stryn og Norddal dømt, og villreinen forsvann etter kvart.

Tamrein i Lom, Skjåk og Lesja

I 1923 starta selskapet Gjende rein og co opp med innkjøpt rein frå Hattfjelldal og seinare frå Røros i 1926. Då dette selskapet gjekk inn, overtok det nystarta Lom Tamreinlag flokken. Skjåk Tamreinlag fortsette og kjøpte blant anna nye dyr i 1929. Tamrein frå dette selskapet blei blant anna brukt som turistattraksjon ved Grotli, samtidig som køyrerein blei brukt til å frakte varer til dei mange kraftutbyggings-prosjekta i Tafjordfjella tidleg på 1940-talet.

På Lesja blei det oppretta eit tamreinselskap i 1947 med innkjøpt skogsrein frå Sverige, etter initiativ frå Guttorm Kornkveen frå Lesja. Men etter ein femårsperiode blei denne reinen seld vidare til Norefjell.

Les meir “Norefjell – frå svensk skogsrein til villrein” (villrein.no)

A/S Trio – siste tamreinselskapet

Utover i 1950-åra blei det vanskar med drifta i Skjåk Tamreinlag, samtidig blei det oppretta eit samarbeid mellom dei tre kommunane Skjåk, Lesja og Grytten. Dette resulterte i danninga av eit nytt tamreinlag som blei heitande A/L Trio Tamreinlag. Strørein frå Lesjalaget blanda seg inn med reinen frå dette selskapet. I byrjinga utvikla laget seg positivt, men fleire uheldige omstende førte til at laget fekk problem. Nokon meiner at hadde snøskuteren berre kome litt før, ville denne reindrifta halde fram. Men der var fleire grunnar til problema. Laget hadde beitet sitt i to område, sør og nord for Ottadalen. Dette kravde store ressursar. I tillegg var det stadige konfliktar med stølseigarane. Ei feilinvestering i taubane var òg negativt for økonomien til laget. Samtidig begynte folk i grenseområda å bli meir interessert i villrein. Og i Grytten blei det kjøpt inn tamrein som basis for ei framtidig villreinstamme. I Lesja var det òg aktive talsmenn for villrein. Det var med andre ord fleire som ynskte seg tilbake til villreintida.


Bukkeflokk, ein tåkete dag i jakta 2012. Foto: Anders Mossing

Bukkeflokk, ein tåkete dag i jakta 2012. Foto: Anders Mossing

Dette førte til ein god del turbulens omkring villrein/tamrein. Frå Lom Tamreinlag kom det protestar, dei var engstelege med tanke på å få ei villreinstamme tett opp til grensa over Lomseggje. Dei merka seg òg at aktive friluftsorganisasjonar prøvde å påverke både lokale og sentrale styresmakter til å få inn att villrein i Nord-Gudbrandsdalen.

Slik opphøyrde tamreindrifta i dette fjellområdet. A/L Trio blei vedtatt lagt ned og siste nedslakting var i 1964. Siste rest av tamreinflokken blei seld til dei sørsamiske brørne John og Magnar Nordfjell frå Røros. Noko av reinen blei òg kjøpt av grunneigarinteresser for å byggje opp att ei villreinstamme. God organisering førte til at ein enda opp med eit samanhengande villreinområde, på tvers av kommunegrenser og fylkesgrenser.

Fleire rettssaker har i ettertid kome, der har villrein- og tamreininteresser i området stått mot kvarandre. Men i dag kan ein trygt slå fast at dette har roa seg veldig. Ottadalen sør og nord blei godt etablerte som villreinområde, no kjent som Reinheimen-Breheim villreinområde. Dette området blir av mange karakterisert som eitt av dei få attverande villreinområda med tilnærma intakt mangfald av naturtypar. Medan Lom Tamreinlag over tid har blitt ein av dei mest vellykka tamreinlaga, med dei største kalvevektene i landet, berre slått av Vågå Tamreinlag i periodar. Samisk kompetanse saman med lokalt eigarskap og stabil og god drift, har bidrege til at denne satsinga har blitt så vellykka.


Reinsjeger i Reinheimen-Breheimen anno 2012. Etter ei vellukka jakt startar jobben. Foto: Anders Mossing

Reinsjeger i Reinheimen-Breheimen anno 2012. Etter ei vellukka jakt startar jobben. Foto: Anders Mossing

Oppsummert kan ein nok sei at fleire av dei nyoppbygde villreinstammene er avkom etter tamreinflokkar som vart bygde opp i ei tid då jakt og rovdyr langt på veg utrydda villreinen i Sør-Noreg. Tamreinhaldet blei skipa i eit tomrom som oppstod då villreinen i desse områda blei borte.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing