Reinen trekkjer til snøfennene i juli – røykbål blei brukt før

Alle som har vore til fjells i eit område med reinsdyr i sommarmånadane juli og august har opplevd reinsflokkar på snøfenner. Det er ei kjent sak at grunnen til at dei trekkjer opp i høgda og ut på snøfennene på varme sommardagar ikkje berre er for å kjøle seg ned, men for å beskytte seg betre mot insekt, fyrst og fremst svelgbrems og hudbrems. Dette fenomenet har òg ei kulturhistorisk side, ikkje minst gjennom arkeologien men òg i munnleg tradisjon.


Reinen trekkjer opp i høgda og ut på snøfennene på varme sommardagar. Foto: Kjell Bitustøyl

Reinen trekkjer opp i høgda og ut på snøfennene på varme sommardagar. Foto: Kjell Bitustøyl

I dei seinare åra har me fått mange rapportar om funn av piler og bogar, og andre kulturminne som smeltar fram frå brear i høgfjellet. Dei fleste funna knyter seg til reinsjakt, men også andre delar av høgfjellskulturen, som tamreindrift, begynnar å dukke opp i iskantane i fylgje Jørgen Reinsvoll i Villreinen 2016. At reinen trekkjer opp på snøfennene i sommarvarmen, og då er lette å jakte på, har vore kjent for dei tidlege reinsjegerane.

Dette trekket er eit fenomen dei som driv med tamrein har handtert på sin måte. Noko som er mindre kjent. Sørsamen Albert Jåma, som driv med tamrein i Vestre Namdal reinbeitedistrikt / Åarjel Njaarken sijte, har fortalt at det før i tida blei fyra bål ved snøfennene der reinen sto på slike varme dagar. Reinsgjetaren sat ofte heile dagen attmed bålet, koka kaffi og heldt alt under oppsikt. Då var det òg viktig at flokken var samla. Om kvelden sleppte ein reinsflokken ned på grønt beite i dalane, slik at ein fekk maksimalt utbytte av beiteperioden. Neste morgon var det opp att på snøfennene att.

Olav Strand skriv i si bok «Midt i flokken» at villreinen samlar seg i store flokkar på snøfennene ”for at tettheten av insekter per rein skal bli så liten som mulig”.


Fleire hundre dyr kan samlast på same snøfonn. Foto: Olav Strand

Fleire hundre dyr kan samlast på same snøfonn. Foto: Olav Strand

Albert Jåma fortel at ein finn mange spor etter aktivitet rundt slike snøfenner, bålplassar ikkje minst, for snøfennene kjem alltid på dei same plassane. Og viss ei tunge av ei slik fonn går ut, står reinen ofte der på vindsida for å sleppe unna insekta.

I tillegg til kaffibålet blei det tent røykbål, og reinen blei vant til dette og søkte dit, der var det mindre insekt. Ein fyra med lyng, krekling og slikt, og så la ein torv oppå. Lyngen gav sterkt varme som fekk torva til å gløde – dette kunne gjeva røyk i fleire timar i fylgje Jåma. Slike «røykmiler» var nesten bygd som ein omn, ein måtte ha ein flat stein på toppen for å halde torva på plass. Eit trena auga vil kunna sjå restane både etter sjølve kaffibålet og røykmilene omkring.

Denne måten å passe på reinen har truleg vore mest utbreidd då ein dreiv med intensiv reindrift, det vil seie ei driftsform med mjølking av simlene, ein hadde då færre dyr. Frå Sverige har me liknande historier om at ein gjette reinen heile døgnet og styrte dei opp på høgder med snøfenner og vindfulle toppar. Blant skogssamane var røykbål mot insektplage mykje brukt den tida ein hadde mjølkerein i fylgje Rolf Kjellström i boka «Samernas liv» (2003).

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl