Presisering frå Nordfjella og Fjellheimen Villreinnemnd ang. saneringsplan for skrantesjuke

Lars Nesse, leiar i Nordfjella og Fjellheimen Villreinnemnd. Foto: Kjell Bitustøyl

Lars Nesse, leiar i Nordfjella og Fjellheimen Villreinnemnd. Foto: Kjell Bitustøyl

Dei siste nyhende-meldingane i media om utspelet frå villreinnemnda i Nordfjella og Fjellheimen vedrørande den såkalla saneringsplanen for Nordfjella sone 1, er svært ”spissformulerte” og einskilde ting er direkte feil i fylgje sekretæren i villreinnemnda Siri Bøthun. For at folk skal få direkte informasjon publiserer me her ein link til brevet som er sendt Landsbruks- og matdepartementet datert 28. august.

Siri Bøthun, sekretær i Villreinnemnda. Foto: privat

Siri Bøthun, sekretær i Villreinnemnda. Foto: privat

Nordfjella og Fjellheimen Villreinnemnd etterlyser eit formelt vedtak med tilvising til lovverk om at denne villreinstamma skal takast ut i sin heilskap. Dei viser til at departementet har bedt om adaptivitet – adaptiv tilnærming til planen – det vil seie at ny kunnskap skal kunne påverke avgjerslene undervegs. Villreinnemnda ber difor om at ”det endelege vedtaket om fullstendig stammeavvikling inneheld ei opning for å endre planane dersom ny kunnskap tilseier at avviklinga likevel ikkje vil kunne føre til eit CWD-fritt villreinområde i framtida”. Med dette meiner dei at ein bør vente på testresultata frå andre villreinområde, Nordfjella sone 2, Hardangervidda m.m.

Villreinnemnda viser til at det i pressa har blitt framstilt som om avgjersla om stammeavvikling er endeleg avgjort. Dei etterlyser òg oppfylgjing av Mattilsynet si stadige understreking av ynsket om samarbeid og god dialog med lokale aktørar. Og dei understrekar at dersom det er rett at Landbruksministeren har fatta eit vedtak som er nedfelt i eit dokument, vil dei gjerne ha tilsendt ein kopi av dette dokumentet.

Les heile brevet her.

Nordfjella sett frå området ved Breistølen

Nordfjella sett frå området ved Breistølen