Nytt av året: Jotunheimen reinsdyrfestival


Bessheim Fjellstue er ein av fire fjellstover som står bak Jotunheimen Reinsdyrfestival. Foto: Kjell Bitustøyl

Bessheim Fjellstue er ein av fire fjellstover som står bak Jotunheimen Reinsdyrfestival. Foto: Kjell Bitustøyl

I dagane 30. september til 8. oktober blir det arrangert ein eigen reinsdyrfestival i Sjodalen i Jotunheimen. Tiltaket er dratt i gang av fjellstovene i Sjodalen: Bessheim Fjellstue og Hytter, Besseggen Fjellpark, Gjendisheim Turisthytte, Hindsæter og Gjendebåten. Dei har oppretta eit samarbeid med Vågå tamreinlag. Heile 60 ulike aktivitetar skal det bli i løpet av veka med stikkord: rein mat, rein avkopling, rein oppleving og rock’n’rein.

Reinens rike – ditt skattkammer
Den nystarta festivalen har som motto: Reinens rike – ditt skattkammer. Kjøkensjef Bjørn Ekerbakke på Bessheim Fjellstue er ein av initiativtakarane, han seier til avisa Valdres: ”Store og små kan velje mellom reincruise med Gjendebåten, reinsdyrsafari på Valdresflye og barnecamp kvar dag ved Gjende der ein lokal skinnmeister lærer bort urgamle handverksteknikkar med skinn og bein frå reinsdyr som råvare. Blant anna. I tillegg byr vi på masse mat- og kulturopplevingar, og Gjendebåten køyrer til Besseggen kvar dag heile haustferien.”

Rock’n’rein
Grand finale blir laurdagskvelden, med ”det største etegildet Gjende nokon gong har husa, ein storstilt mat- og musikkveld kalla Rock’n’rein”. Det heile skal gå føre seg i oppvarma stortelt ved Gjendisheim, og på menyen står sjølvsagt reinskjøt og aure frå Gjende i ulike variantar. Og frå Valdres kjem folkrockbandet Staut. I Gudbrandsdalen har ein alt sett opp eigne ekspressbussar til arrangementet.

Familievenleg festival
Det blir guida turar til Valdresflye der sjansene for å sjå reinsdyr er størst. Og med utgangspunkt i Hindseter blir det streif med naturguide til dei gamle fangstanlegga ved elva Veo. Arrangementet er lagt opp til å vera svært familievenleg, med mange ulike tilbod til ungar; frå garving av skinn, laging av tromme, laging av skremmepinnar – slike reinsdyrjegerane bruka i fangsttida, til barneriding med ”Fjellrittet” frå Beitostølen. Riding blir det òg for vaksne. 

Mykje kultur, ikkje minst matkultur
Arrangøren har lagt opp til eit allsidig kulturprogram, der arrangementa blir lagt til dei ulike fjellstovene: Kåseri o.l. der reinen spelar hovudrolla på ulikt vis, med både dagsaktuelle og historiske tema, blant anna eit foredrag om reinsjegeren Jo Gjende. Matkulturen er via ein heilt spesiell plass, og ”ureist rein” spelar ei hovudrolle, dette er sjølvsagt rein frå Vågå Tamreinlag etter som Sjodalen er ein del av deira beiteområde. Kokken på Bessheim vil òg halde kurs i viltpartering med reinsdyr som råvare.

Vidare satsing
Ambisjonane for denne satsinga på reinsdyret strekkjer seg også utover festivalen sine tidsgrenser. Turisthyttene i Sjodalen kjem i samarbeid med Vågå Tamreinlag til å ha fleire reinsdyr gåande på isen på Sjodalsvatnet. Og i fylgje avisa Valdres er ambisjonane å bli ”ein destinasjon som gjester frå fjern og nær oppsøker både vinter, vår og haust for å oppleve nærkontakt med eit av dei mest ikoniske dyra i den norske fjellheimen.”

 

For meir informasjon, sjekk nettsida:    http://reinensrike.no/


Sjodalen er arena for Jotunheimen Reinsdyrfestival. Dette er frå Øvre Sjodalsvatn mot Sikkilsdalen. Foto: Kjell Bitustøyl

Sjodalen er arena for Jotunheimen Reinsdyrfestival. Dette er frå Øvre Sjodalsvatn mot Sikkilsdalen. Foto: Kjell Bitustøyl


 På Valdresflye kan du ofte treffe på reinsdyrflokkar frå Vågå Tamreinlag.  Foto: Kjell Bitustøyl

 På Valdresflye kan du ofte treffe på reinsdyrflokkar frå Vågå Tamreinlag.  Foto: Kjell Bitustøyl

 

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl