Ny merking i Nordfjella sone 2


Inntil fem rein skal merkast med GPS-sendarar i Nordfjella sone 2. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Inntil fem rein skal merkast med GPS-sendarar i Nordfjella sone 2. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

For å unngå at villreinen i sone 2 i Nordfjella vandrar inn i sone 1 har Miljødirektoratet vedtatt å merke inntil fem villrein med GPS-sendarar.

Etter at Norsk institutt for naturforskning (NINA) fjerna alle sendarar i sone 2 i Nordfjella på grunn av problem med ising, har ein no bestemt at inntil fem dyr skal merkast med ein annan type sendarar. Desse er utstyrt med det eit dobbelt sett med drop-off, det vil seie at ein har to moglegheiter til å fjernutløyse klavane om det skulle oppstå problem. Det er Statens naturoppsyn (SNO) som vil ha ansvar for å merke dyra. I tillegg vil SNO etablere rutinar for visuell kontroll av dyra med sendar så dei raskt kan setje i gang førebyggjande tiltak. Merking av dyr er regulera i dyrevelferdslova, men merking av villrein der formålet er å ivareta forvaltninga sine formål fell utanfor verkeområdet til forskrift om forsøk med dyr. Slik merking krev derfor ikkje førehandsgodkjenning etter denne forskrifta.

Bakgrunnen for dette særskilde merketiltaket, som kan seiast å vera ein del av forvaltninga i samband med skrantesjuke-problematikken i sone 1, er at det er viktig at dyr frå sone 2 ikkje trekkjer inn i sone 1 i Nordfjella i den komande brakkleggingsperioden. Sone 2 er etter måten smal, slik at dyr lett kan flytte seg raskt gjennom området. Med bruk av elektronisk overvaking vil ein kunne fylgje villreinen i sone 2. Andre alternativ til å fører tilsyn med villreinens vandringar i dette området under dårlege vêrforhold finst ikkje i fylgje Miljødirektoratet.

Les meir hos Miljødirektoratet “Merker villrein i nordfjella sone 2”.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing