Nordfjella: daglege rapportar på nett


Alt arbeid dokumenterast og gjerast tilgjengeleg for offentlegheita. Illustrasjonsfoto: Petter Braaten/SNO

Alt arbeid dokumenterast og gjerast tilgjengeleg for offentlegheita. Illustrasjonsfoto: Petter Braaten/SNO

Dei tre fellingsleiarane i Statens naturoppsyn (SNO) som står i spissen for nedskytinga av villreinen i Nordfjella sone 2 byter på å lage rapportar frå det som skjer kvar dag. Petter Braaten er òg operativ leiar, dei to andre fellingsleiarane er Knut Nylend og Tord Bretten. – Det skal vera mest mogleg openheit omkring det me driv med, seier Braaten.

Det er hjorteviltportalen som formidlar daglege rapportar frå Nordfjella, det vil seie ein logg for kvar dag (kan vera forsinking i nokon tilfelle). Og sjeldan har vel publikum hatt eit slikt høve til innsyn i ein aksjon sett i verk av statlege styresmakter. Her får du greie på kor mange dyr av ulike slag som blir felt kvar dag, kor mange som er på jobb den dagen, kor mange km på snøskuter ein har køyrt, talet på skot som har blitt uløyst, vêr- og føreforhold osv.

Petter Braaten fortel at det ligg inne ei forseinking på tre timar av tekniske årsaker i høve til når opplysningane er loggført.
– Det er fellingsleiaren som er på vakt som har det fulle og heile ansvaret for å føre denne loggen kvar kveld, seier Braaten. Kvart lag med sin fellingsleiar er på jobb ei veke, så kjem eit nytt lag og etter nok ei veke kjem det tredje laget.

NRK lagar program
I tillegg til den daglege loggen har NRK-TV dels fylgd jegerane for å lage ein dokumentar om det som skjer i Nordfjella no. Dette programmet er planlagt sendt 27. mars. I høve til kva som vil bli vist på fjernsyn og ikkje, seier Braaten at på same måten som det er ulike måtar til dømes å vise ein fødsel på, så vil det òg vera ulike måtar å få fram kva som skjer når jaktlaget er i sving og elles korleis saneringsprosessen i Nordfjella artar seg.

Nødvendig oppdrag
Sjølv ser Braaten på dette som eit nødvendig oppdrag som dei som profesjonelle jegerar er sette til å gjennomføre. Samtidig seier han i eit intervju med avisa Hallingdølen at “Det kjennest rart å gjera denne jobben og tenke på at om ei stund skal det ikkje vera att rein her. Det er så djuptgåande jævlig, at eg veit ikkje kva.”

Det har naturleg nok kome og kjem stadig kommentarar frå folk som er kritiske til det som skjer og metoden som blir brukt. Men Braaten fortel at han har sett lite til gode framlegg om korleis dei alternativt skulle ha gjort dette. Han gjev uttrykk for at folk gjerne må ta kontakt om dei har gode idear.

Ikkje berre publikum
Knut Nylend er ein erfaren jeger frå mange ulike profesjonelle jegeroppdrag, ikkje minst var han, saman med den tredje fellingsleiaren Tord Bretten, med på det store uttaket av rein på Sør-Georgia for 4-5 år sidan, også her var SNO sterkt involvert. Han fortel at å føre ein slik logg er uproblematisk og at det er svært viktig i denne samanhengen at jobben som blir utført skal vera mest mogleg transparent. Han supplerer Braaten med å fortelje at dei i tillegg til “publikum” òg skal informere forvaltningssystemet. Miljødirektoratet og Mattilsynet har difor blitt einige om at loggføringa frå Nordfjella skal vera tilgjengeleg for alle.
– Mattilsynet fører tilsyn med både felling, dyras kondisjon og prøvetaking ved tilsyn i prøvetakingshallen på Hemsedalsfjellet. Mattilsynet er også tidvis med jegerane inn i fjellet for å få ein større innsikt i korleis sjølve jaktinga går føre seg, fortel Nylend. Dei legg også ut eigne tilsynsrapportar knytt til dyrevelferd. Dei kan du lese her.

Bruk av helikopter
At SNO nyleg fann det nødvendig å ty til bruk av helikopter for å skyte 22 dyr som var i ferd med å nærme seg grensa mellom sone 1 og sone 2, ser Nylend på som einaste moglege utgang av denne situasjonen. På grunn av uversmeldingar ville alternativet ha vore, dersom ein hadde venta til neste jaktlag skulle koma på, at ein hadde risikert at villreinflokken i ly av uveret hadde kryssa over og blanda seg med flokkane i sone 2.
– Då hadde det verkeleg vore ein alvorleg situasjon, seier Nylend.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing