Lokalbefolkninga verdsett villreinen høgt


Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter

Foto: Anders Mossing, Norsk villreinsenter

Innbyggjarane i kommunane rundt Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark verdsett fjellområdet høgt. Friluftsliv og naturopplevingar er viktig, og fjellet er eit vanleg samtaletema i kvardagen. Villreinen har høg status, og ein stor del av dei lokale aksepterer å måtte tilpasse sin bruk av fjella av omsyn til villreinen.

I åra 2008 – 2013 vart det arbeidd med eit stort tverrfagleg forskingsprosjekt om forvaltninga av Dovrefjell og Sunndalsfjella. Dette resulterte i rapporten «Horisont Snøhetta, NINA temahefte 51». I vidareføringa av dette vart det bestemt å etablere eit overvakingsprosjekt, der NINA og Bygdeforskning (no RURALIS) skulle hente inn systematiske data for å følgje utviklinga i området. Ein del av dette prosjektet var ei spørjeundersøking blant innbyggjarane i dei tilgrensande kommunane. Dette arbeidet er no publisert i rapporten «Lokalbefolkningen rundt Dovrefjell og Sunndalsfjella –  Betydningen av fjellet og holdninger til forvaltningen» av Alexander Zahl-Thanem og Frode Flemsæter. Les heile rapporten her.

Undersøkinga viser at lokalbefolkninga rundt Dovrefjell og Sunndalsfjella verdsett fjellområdet høgt. Heile 92 prosent av dei spurde er heilt eller delvis einig i påstanden om at nærleik til fjell og utmark generelt er viktig for busetjing i bygda der dei bur, og det gjer bygda deira meir attraktiv å bu i. Lokalbefolkninga har mange ulike friluftsinteresser og driv med eit stort mangfald av aktivitetar. 86 prosent er heilt eller delvis einige i at det er viktig med god tilgang på jakt og fiskerettar i Dovrefjell-Sunndalsfjella. 42 prosent seier at dei fiskar jamleg, medan 30 prosent jaktar. 19 prosent har vore på storviltjakt i løpet av dei siste 5 åra.

Villreinstammen står fram som svært viktig. 90 prosent av dei spurde er heilt eller delvis einige i at det er viktig å ta vare på villreinen, medan 64 prosent synes det er greitt å velje andre turruter viss forvaltninga oppfordrar til det av omsyn til villreinen. Respondentane i undersøkinga fekk også spørsmål om kva villrein og moskus betyr for dei. 44 prosent svarar at villreinen er av stor eller svært stor betydning, medan 29 prosent svarar det same for moskus.   

Til saman 38 prosent av respondentane har besøkt Viewpoint Snøhetta ein eller fleire gonger dei siste åra. Her varierer det mykje, og det er naturleg nok størst del av innbyggjarane i dei næraste kommunane som har besøkt attraksjonen.  Omtrent halvparten av dei spurde er einige i påstanden om at prøveordninga med skyttelbussen til Snøheim bør bli ei fast ordning, noko den no blir.

Når det gjeld forvaltninga har lokalbefolkninga høgast tillit til lokale fjellstyre, og tendensen er at ei lokal forvaltning av fjellområdet står fram som viktig. Dette betyr ikkje nødvendigvis at dei meiner at sentrale myndigheiter ikkje skal ha ei rolle i forvaltninga. 

Villrein.no – Heidi Vognild