Langfjellaseminar for 3. gong

Hol pensjonat, Natur- og kultursenter arrangerer det tredje Langfjellaseminaret på Krækkja turisthytte på Hardangervidda i helga 12.-13. august.
Tema i år er "Demokratisk naturforvaltning".

Ola Vaagan Slåtten er primus motor for Langfjellaseminaret, med utgangspunkt i Hol kommune i Hallingdal. Han har eit langvarig engasjement for fjellkultur og har blant anna jobba med kulturminne i Hallingskarvområdet. Han driv som lærar, og han er for tida også oppsynsmann i Ål-fjella, ser etter sau m.m.

Fyrste seminaret i 2013
Fyrste seminaret, i 2013, blei òg halde på DNT-hytta Krækkja, der onkelen til Ola, Kjell Slåtten, har vore bestyrar i mange år. Ideen bak er å samle folk med ulike bakgrunn frå fjellivet, samle kompetansen, møtast og utveksle erfaringar og kunnskap. Langfjellaseminaret skriv på sine nettsider at "Norsk Villreinsenter sør var medarrangør den gangen, ansvarlig for forkonferansen, som gikk på Geiterygghytta. Konferansen vakte både regional og nasjonal oppmerksomhet. Man så spiren til en ny type samtale, som genererer ny kunnskap, men også bidrar til mer konstruktivt samarbeid mellom ulike nivåer og aktører i naturforvaltningen."

Samspelet mellom menneske og rein i 10 000 år
Seminaret er tenkt å inspirere til at ein i Langfjella på best mogleg måte skal kartlegge samspelet mellom mennesket og villrein/tamrein sidan "tidenes morgon", dvs, gjennom 10 000 år. Eit viktig moment er at denne historia skal kunne knytast til undervisning og identitetsbygging og koplast opp mot dei natur- og kulturverdiane som finst her. Eit klart mål er å fokusere på ei berekraftig utvikling som tek vare på desse verdiane for framtidige generasjonar. Hallingen Ola Vaagan Slåtten legg vekt på at programmet legg opp til at den lokale erfaringskunnskapen òg skal lyftast fram, ved sida av den meir teoretiske kunnskapen. Og håpet er at seminaret på denne måten vil fungere som ein møteplass for endå betre fjellforvaltning.

Seminaret 2017
Viktige aktørar på seminaret i år vil vera arkeologane Mattis Danielsen og Hege Skalleberg Gjerde med utgangspunkt i forsking på samisk kultur, og fjellarkeolog Lil Gustafson med tema gammal buplass på Hardangervidda. Frå DNT kjem Anne Mari Aamelfot Hjelle og snakkar om nye måtar å bruke fjellet på, Sveinung Hansen, prest i Hol vil snakke om ungdom og fjell, og Eystein Skjerve vil ta for seg skrantesjuke/CWD, for å nemne nokre.

For meir info sjekk nettsida: langfjellaseminaret.no 

Foto: Arrangøren

Foto: Arrangøren

 

villrein.no - Kjell Bitustøyl