Landslinja for natur- og miljø har vært på reinsjakt

Elevane i 1. klasse ved Landslinja for Natur- og miljø ved Rjukan vidaregående skole fekk i haust eit tilbod om reinsjakt i Skarfjell innafor Kalhovd turisthytte. Dette førte til at heile klassa drog til fjells i tre dagar.

Hovudlærar Ane Guro Moen. Foto: Kjell Bitustøyl

Hovudlærar Ane Guro Moen. Foto: Kjell Bitustøyl

Landslinja for Natur-og miljø ved Rjukan vidaregåande skule driv på tredje året. Dei held til på Hardangervidda nasjonalparksenter på Skinnarbu der også Norsk Villreinsenter Sør (NVS) er lokalisert. NVS står for undervisninga på landslinja saman med Høgskolen i Sørøst-Norge. Ane Guro Moen frå Rjukan er leigd inn av Norsk Villreinsenter som lærar for 1. klassingane. Ho er utdanna naturforvaltar med praktisk pedagogikk i tillegg og underviser blant anna i høgfjellsøkologi som er eit viktig fag fyrste året. Ane Guro har nærast vakse opp på fjellet ettersom far hennar i mange år har drive firmaet "Fjellhest" som held til på Kalhovd.

1. klassingane kjem for det meste frå Tinn, medan ein på dei andre trinna har meir blanding, fortel Ane Guro. Ho seier at fjellturen dei nyleg har vore på er ein av to-tre slike turar dei har i løpet av eit skuleår. I år var jakt ein viktig del av opplegget. Og for to år sidan var klassa med på eit liknande opplegg. No fekk dei tilbod frå Tinn kommune om reinsjakt i Skarfjell innafor Kalhovd. Dei var tre lærarar med og klassa blei delt i to grupper, ei gruppe som drog på reinsjakt og ei gruppe som konsentrerte seg om planter, biologi m.m. Overnattinga skjedde i lavvo i nærleiken av Graveidet, ein kjent kryssingsplass for reinen før oppdemminga.

Middagstid. Fra venstre: Jan Erik Larsen (lærer og jeger), Kristin Soldal, Sunniva Rausand, Henrik Engen Ødegård, Truls Grindalen Stang, William Sønstebø, Laureen Wakera Mbogoh og Mumbi Wanyoike Mork Dalen. I midten: friluftslivveileder Jørgen Aamot. Foto: Ane Guro Moen

Middagstid. Fra venstre: Jan Erik Larsen (lærer og jeger), Kristin Soldal, Sunniva Rausand, Henrik Engen Ødegård, Truls Grindalen Stang, William Sønstebø, Laureen Wakera Mbogoh og Mumbi Wanyoike Mork Dalen. I midten: friluftslivveileder Jørgen Aamot. Foto: Ane Guro Moen

Jegerane måtte lenger inn, til Skarfjellhytta. "Men årets jakt blei utan resultat, dyra var lenger vest i år", fortel Ane Guro. Slik er det å vera jeger, også ei erfaring. For to år sidan derimot då blei det felt dyr.

Så fekk dei prøve seg som fiskarar, for ein grunneigar i området hadde gjeve dei lov til det, men heller ikkje dette gav resultat. "Det blei reinsdyrkarbonader me hadde med oss som blei løysinga denne gongen," seier Ane Guro.

Laureen Wakera Mbogoh prøver fiskelykka for første gong. Foto: Ane Guro Moen

Laureen Wakera Mbogoh prøver fiskelykka for første gong. Foto: Ane Guro Moen

Likevel var dette eit opplegg som elevane var svært godt fornøgde med. Dei fekk erfare naturforvaltning i praksis, til dømes at det ikkje berre er å reise ut i naturen og hente heim kjøt og fisk. Dei fekk òg oppleve korleis det er å vera ute i all slags vêr og ikkje minst: Ane Guro legg vekt på at den sosiale sida ved eit slikt opplegg i oppstarten på eit skuleår er svært viktig. Klassa blir sveisa saman på ein annan måte enn gjennom klasseromsundervisninga. "Det at ein søv og har måltida saman ute i naturen, gjer at elevane blir betre kjent med kvarandre, og det er positivt", seier Ane Guro Moen.

Laureen Wakera Mbogoh og Mumbi Wanyoike Mork Dalen nyter solnedgangen ved Graveide (basecampen). Foto: Ane Guro Moen

Laureen Wakera Mbogoh og Mumbi Wanyoike Mork Dalen nyter solnedgangen ved Graveide (basecampen). Foto: Ane Guro Moen

 

villrein.no - Kjell Bitustøyl