Klima og rein – potensielle verknader på beite, helse og sjukdom – del 3


Foto: Anders Mossing

Foto: Anders Mossing

Dette er del tre av ein omsett og tilrettelagt artikkel om klimaendringar henta frå ei ny og omfattande bok: ”Reindeer and Caribou – Health and Disease” med Morten Tryland og Susan J. Kutz som redaktørar. Denne delen av artikkelen som kjem her, er forfatta av Morten Tryland, veterinær og professor ved Institutt for arktisk og marin biologi ved Universitetet i Tromsø.

Les også “Del 1” og “Del 2″ (villrein.no)

Insekt er spesielt sensitive for vêr- og klimatilhøve, difor kan klimaendringane påverke insekt og med det smittestoff som insekt ber med seg.

Klimaendring og insektvektorar

Mange insekt er viktige for pollinering av planter, men er òg viktige som næring for både pattedyr og fuglar. Insekt lever òg på dyr som meir eller mindre permanente parasittar. Dette kan vera lus eller blodsugande parasittar som flått, mygg og knott. “Blodsugarane” injiserer spytt inn i den nye verten, spytt som inneheld stoff som hindrar blodet i å koagulere i det vesle tronge røret dei syg blod med. Slik kan dei med spyttet òg overføre parasittar, bakteriar og virus frå éin vert til ein annan, og dei er slik viktige faktorar når ein skal finne årsakene til mange smittsame sjukdomar.

I tillegg til generelt høgare temperaturar i dei nordlege regionane, kan klimaendringar påverke vind, nedbørsmønster og luftfuktigheit og føre til større variasjon i vêret. Ettersom utvikling og aktivitet til insekt er spesielt sensitiv for vêr- og klimatilhøve, kan infeksjonssjukdomane som dei ber med seg, bli dei som er mest påverka av klimaendringar.

I motsetning til fuglar og pattedyr er insekt vekselvarme og får den same kroppstemperatur som omgjevnadane. Faktisk er dei generelt låge temperaturane i arktiske strøk svært nær minimumskravet for at insekt kan røre på seg, og dette avgjer i stor grad aktivitetsmønsteret deira. Men det er ikkje berre temperaturen det kjem an på. Forholdet mellom klima og periodiske biologiske fenomen, slik som fugletrekk og blomstring, er relatert til temperatur, særleg ved breiddegrader langt mot nord. I miljø dominert av snø ser det ut som om snødekke er eit endå viktigare parameter, noko som i stor grad påverkar utviklinga av insekta i høve til sesongvise skiftingar.

Me har få studiar av klimaendringar og effektar på insektpopulasjonar i arktiske strøk. Men i éin slik studie blei det vist til at lufttemperatur, tidleg snøsmelting/tidleg vår og eksponering for solstrålar, var dei faktorane som betydde mest i høve til den økologiske prosessen hjå insekt.

Blodsugande insekt har kort generasjonstid. Difor kan dei respondere og tilpasse seg klimaendringar i løpet av korte tidsperiodar, noko som òg verkar inn på rolla deira som smitteberarar for smittsame sjukdommar hjå rein.

Insekt er mangfaldige skapningar, og til og med dei som er temporære parasittar på rein, slike som flått, mygg og knott, har grunnleggjande variasjon i livssyklus, livshistorie og oppførsel. Dei kan difor respondere på svært forskjellige måtar i høve til endra vêr- og klimaforhold.

Hjortelusfluge


Hjortelusflue i sitt rette element. Foto: Bjørnar Ytrehus/Veterinærinstituttet

Hjortelusfluga flyg om hausten når dei fleste andre insekt har forsvunne. Sidan hjortelusfluga inniblant òg kan slå seg ned på menneske, har mange jegerar, bærplukkarar og andre opplevd å bli invadert av hjortelusfluge om hausten. Når hjortelusfluga har funne ein vert, droppar ho vengene og fester seg til pelsen på dyret. Hoene legg egg i hårlaget til verten. Egga blir så kapsla inn og dett på bakken seinhaustes eller om vinteren. Dei vaksne flugene kjem ut av hårlaget etter mange månader, i løpet av neste sommar og neste haust. Både hannar og hoer lever av blodet til verten.

Sjølv om hjortelusfluga har vore til stades i dei sørlege delane av Fennoskandia (dvs. Noreg, Sverige, Finland, Kolahalvøya og russisk Karelen) i mange tiår, har bestanden av hjortelusfluge auka på i dei nordlegare strøk. Hjortelusfluge på reinsdyr blei rapportert i Finland for fyrste gong i 2004, då på vill skogsrein. Parasitten blei forbunde med endringar i pels og skinn og store område med håravfall. Når hjortelusfluga dukkar opp i økosystemet til reinsdyra, kan det føre til energitap og bli ei utfordring under harde vinterforhold. I 2008 fekk 20 % av tamreinen i Finland påvist endringar på grunn av hjortelusfluge, dette fordi dei ikkje hadde blitt behandla med medikamentet ivermectin, ein mykje brukt førebyggjande medisin mot hudbrems og andre parasittar. Angrep frå hjortelusfluge kan føre til endra åtferd hjå reinen. Framleis er denne parasitten mest vanleg sør for leveområda til reinen, men med klimaendringar og mildare vintrar, er det sannsynleg at hjortelusfluga vil fortsetje utbreiinga nordover og også nå dei økosystema som blir brukt av reinsdyra.

Flått


Flåttens livssyklus. Illustrasjon: Hallvard Elven og Preben Ottesen, Folkehelseinstituttet

Flått, som høyrer til edderkoppdyra, kan overleve i forskjellige miljømessige forhold, men den er sensitiv for klimaendringar og treng luftfuktigheit på 80 % eller meir. Han trivst best i område med moderat til mykje regn og vegetasjon, spesielt i lauvskog og blandingsskog. Det finst mange artar av flått, men i Fennoskandia er skogflåtten, Ixodes ricinus, den mest vanlege arten og ein potensiell smitteberar for parasittar, bakteriar og virus blant tamrein i Eurasia. Ettersom flått har blitt meir vanleg å finne i områda der reinsdyrflokkane ferdast, kan òg flåttrelaterte infeksjonar bli viktigare å fylgje med på framover med omsyn til helsetilstand og sjukdom hjå dyra.

Skogflåtten syg blod frå pattedyr, slike som smågnagarar, hare, rådyr og andre hjortedyr. Flåtten oppheld seg ei relativt kort tid på verten der han syg blod, men treng tre forskjellige vertar for å utvikle seg frå larve til nymfe og vidare til vaksen, ei utvikling som tek normalt to år. I Europa kan flått vera vektor for ei rad potensielle smittestoff, slike som Borrelia burgdorferi s.l. (borreliose), Anaplasma phaocytophilum (flåttboren feber), Francisella tularensis (tularemi eller harepest), og andre (Rickettsia spp., Babesia spp., Luoping ill virus, flåttboren hjernebetennelse virus/TBE-virus). Av desse kan fleire òg overførast til menneske.


Skogflåtten syg blod frå pattedyr, slike som smågnagarar, hare, rådyr og andre hjortedyr. Foto: Anders Mossing

Skogflåtten syg blod frå pattedyr, slike som smågnagarar, hare, rådyr og andre hjortedyr. Foto: Anders Mossing

I Noreg er det førebels liten geografisk overlapping mellom tamreinflokkar og utbreiing av flått. Den nordlegaste kjente etablerte populasjonen med flått finn me på kysten ved Brønnøysund i Nordland fylke, sør for polarsirkelen. Men desse nordlege populasjonane som kan påverke lokale reinflokkar, kan vera berre sporadiske tilfelle. Ei fersk undersøking av øyrer på elg, rådyr og hjort i Noreg konkluderer med at flått var vanleg berre opp til Hitra. Lenger nord blei flått påvist berre meir sporadisk. Dette er i tråd med ein tidligare studie frå 1940-åra. Med andre ord er det ingen stor ekspansjon nordover for flåtten i Noreg i denne 60-årsperioden.

Likevel er utbreiinga av flått i endring i Europa. Viktige faktorar for den geografiske ekspansjonen til område høgare over havet og til område lenger nord er desse:

  • høgare vintertemperaturar (betre overvintring)

  • høgare temperaturar gjennom heile året (utviding av utviklingstid)

  • snødekke (snø som forhindrar tele, høgare vinteroverleving)

  • ekspansjon av lauvskog (høgare overleving og utvikling)

Det same gjeld gunstig forvaltningspraksis av skog og dyreliv. Når ein fokuserte på endringar i høgde over havet og breiddegrader i utbreiinga av flått frå 1978 til 2008 i dei ulike distrikta på Vestlandet, som alle hadde forskjellig økologi, var dette relevante faktorar:

  • overflatetemperatur

  • vårregn

  • kor lenge bakken er snødekt

  • attgroing

Store mengder hjort og husdyr spela òg ei viss rolle.


Foto: Heidi Lindstedt, Folkehelseinstituttet

I Sverige blei det gjort to forskjellige undersøkingar, i 1994 og i 2009, der målgruppa var hundeeigarar samt huseigarar og jegerar. Resultata viste at i løpet av denne perioden blei flått meir talrik i dei sørlege og sentrale deler av Sverige, men ekspanderte òg i Nord-Sverige. Flått har tidlegare blitt funne sporadisk på reinsdyr i dei sørlige reinsdyrområda i Jämtland og Västerbotten. Men i det siste har ein òg funne flått på rein i nordlege delar av Norrbotten. Hovudgrunnen til denne ekspansjonen trur ein også her kan vera auka geografisk utbreiing og aukande populasjonar av rådyr og hjort. Eit varmare klima er gunstig både for hjortedyra og overlevingsevna til flåtten. Det er òg sett i gang undersøkingar på flått i Finland.

«Taigaflått», Ixodes persulcatus, er ein nær slektning av skogflåtten. Denne arten er ein annen viktig berar av smitte for mange sjukdomar på menneske og dyr. Taigaflåtten er i det siste oppdaga i Sverige, og i Finland har arten spreidd og sporadisk utbreiing. I dei blanda lauv- og barskogane i Latvia og Estland og austover i Russland er taigaflåtten meir vanleg. Dersom taigaflåtten ekspanderer ytterlegare, tilsvarande skogflått, kan arten òg bli ein viktig smitteberar i økosystema som huser reinsdyr i denne regionen.

Mygg og knott

Mygg og knott er viktige berarar av mange sjukdomar og parasittar som rammar menneske, husdyr og vilt. Som me har sett med flått, er også knott og mygg sensitive for klimaforhold, og klimaendringar kan påverke utbreiing og rekkjevidde til disse insekta.

I motsetning til utbreiinga av flått, er mygg og knott oftast talrike i økosystema der reinen finst. Og med lengre somrar og snøfrie periodar i Arktis og i subarktiske økosystem kan klimaendringane bidra til auka insektplager for reinen. I ein studie om korleis mygg, svartfluge og hudbrems påverka beiting hjå caribou, viste det seg at tida dyra brukte på å ete gjekk mest ned når alle tre insekttypane var der på éin gong. Insektplagene i sirkumpolare strøk er ein av fleire potensielle grunnar til at reinsdyr og caribou-populasjonane er redusert i løpet av dei siste 20 åra.

Utbreiinga av ulike artar av mygg og knott er lite kjent, og det finst endå mindre kunnskap om kva slags parasittar, bakteriar og virus dei kan være berar av, og om desse òg går på reinsdyr og caribou. I takt med at smitteberarane endrar geografisk utbreiing, vil òg sjukdomsbiletet endre seg. Om til dømes ein myggart aukar utbreiinga, kan denne overlappe med ein annan myggart som arten ikkje har hatt kontakt med tidlegare. Om den ekspanderande arten ber med seg ein sjukdom som potensielt kan smitte over på reinsdyr, kan infisert fauna introdusere sjukdomen til ein ny smitteberar med eit anna geografisk utbreiingsområde. Dette kan føre til ei brå og radikal endring av spreiinga til den potensielle sjukdomen.

Nokre få sjukdomar som blir overført via knott og/eller mygg, blir omtalt i neste avsnitt. Desse kan på grunn av forskjellige klimatiske scenario bli meir dominerande, eller dei kan potensielt bli introdusert til reinsdyrpopulasjonar i framtida.

Nokre døme på insektsoverførte infeksjonar på reinsdyr

Rundormen Setaria tundra

Det vaksne stadiet til rundormen Setaria tundra viser seg som ein ca. 10 cm lang kvit, livleg mark i magen til reinen, men han kan òg vera å finne i brysthinna og i hjarteposen. Dersom han finst, er han synleg ved undersøking etter at dyret er daudt, assosiert med utskiljing av fibrin, bukhinnebetennelse eller brysthinnebetennelse, med opphoping av væske i holromma i kroppen. I slike tilfelle blir slaktet kassert. Meir vanleg er øydelagd lever hjå dyr som har mykje mark. Larvestadiet, kalla microfilarier, blir spreidd av mygg, og eit infisert reinsdyr kan ha så mange som 4000 mikrofilarier per ml blod. Ein gjennomsnittleg sommarvarme på 14 °C ser ut til å vera drivande for framveksten av sjukdomen på grunn av gunstige forhold for rundormen. Slik kan denne rundormen føre til økonomisk tap og negativ påverknad på tamrein og deira naturlege leveområde.

Anaplasma phagocytophilum og flåttboren feber

Flåttboren feber, som kjem frå bakterien Anaplasma phagocytophilum, er ein verdsomspennande sjukdom som angrip husdyr, eit stort spekter av ville pattedyr og menneske. Bakterien blir overført av flått, og studiar av flåttboren feber knyter bakterien til habitatet og livsvilkåra til smitteberaren, flåtten. Klimaendringar fører til endra vegetasjon og bidrar til auka utbreiing av flått, noko som påverkar økosystema reinen nyttar. Difor kan flåtten bli ein meir vanleg smitteberar.

Europeisk og asiatisk tundrarein blir utsett for infeksjonar med A. phagocytophilum. Antistoff mot A. phagocytophilum blei nyleg oppdaga i to reinsdyrflokkar i Nordland, men dette kan ha svært lita utbreiing.

Reinsdyra kan reint teoretisk òg bli utsette for bakterien Borrelia burgdorferi og moglegvis òg andre flåttborne smitteberarar, men eksponering av rein for slike infeksjonar er praktisk talt ikkje undersøkt. Blant stadar mot nord som har påvist flått her i landet, finn me ein lokalitet i Brønnøysund. Dette er ein av verdas nordlegaste stadar med en stabil flåttpopulasjon. Her blei utbreiinga av Borrelioa burgdorferi rapportert til å vera 21 % i nymfer og 46 % hjå vaksne dyr.

Blåtungevirus (BTV)

Blåtungevirus (BTV) er eit virus som blir overført av knott, men det kan òg bli overført mellom dyr ved direkte kontakt. Viruset kan òg bli overført til fosteret. BTV kan gje akutt sjukdom hjå sau, med feber, auka spyttsekresjon, væskemengde i hovudet og blå misfarging av hud og slimhinner på tunge og lepper. Derifrå kjem namnet blåtunge. Det er moderat til høg sjanse for at viruset fører til sjukdom eller død. Storfe, som til vanleg viser mindre tydelege teikn ved infeksjon enn sau, er ein viktig art for at viruset skal kunna opptre hyppig innafor eit avgrensa geografisk område. BTV infiserer også ei rad andre husdyr, men også ville drøvtyggjarar er mottakelege.


Hos sau kan blåtungevirus gje akutt sjukdom. Ville drøvtyggjarar er også mottakelege. I Noreg blei viruset påvist på Sørlandet i 2009, men ikkje i kjerneområda til reinsdyrflokkane i sør. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Hos sau kan blåtungevirus gje akutt sjukdom. Ville drøvtyggjarar er også mottakelege. I Noreg blei viruset påvist på Sørlandet i 2009, men ikkje i kjerneområda til reinsdyrflokkane i sør. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

BTV spreier seg med infiserte dyr eller ved transport av dyreprodukt, men òg ved spreiing av infiserte knott via luftstraumane. Utbreiing og spreiing av BTV blir assosiert til klima og klimaendringar på fleire måtar. Levetida for smitteberarane heng saman med både temperatur og luftfuktigheit, og det er bevist at overføringspotensialet kan auke ved høgare temperaturar. Smitteberarar kan overleve i månader ved temperatur ned til +10 °C, men ved så låge temperaturar kan replikering av viruset opphøyre.

BTV har ekspandert nordover i Europa etter 2006, truleg på grunn av klimaendringar. Kvithalehjort ser ut til å vera eitt av hjortedyra som ofte viser teikn til BTV-infeksjon, dyret sturer og mistar matlysta, får feber, det oppstår sår i slimhinna i munnen, det kjem slim frå nasen, dyret får pustevanskar, opphovning rundt augo, blå tunge m. m. På grunn av at hjorten er ein talrik art som finst i store område, blir arten sett på som sentral i studiane av BTV i Europa.

Blåtunge dukka opp i Danmark i 2007, i Sverige 2008 og i Noreg i 2009, men har til dags dato ikkje blitt funne i Finland, trass i intensiv overvaking. I Noreg er BTV funne på Sørlandet, men sjukdomen nådde ikkje kjerneområda til reinsdyrflokkane i sør. Takka vere effektive kontrollregime i dyrebuskapane, som restriksjonar på flytting av dyr, og i nokon land vaksinasjon, er sjukdomen blant husdyr no for det meste avgrensa til Middelhavsområdet. Kanskje indikerer dette at lokale dyrestammer ikkje er mottakelege for BTV. Det er ingen teikn på at villrein eller tamrein blei eksponert for BTV i denne farsotta. Det finst heller ikkje rapportar om overføring av virus eller sjukdom hjå reinsdyr under naturlige tilhøve. Ei fersk undersøking for antistoff av 450 tamrein i Noreg og 635 tamrein i Finland, fann ingen teikn på at desse var eksponerte for BTV.

Schmallenberg virus

Seint på sommaren i 2011 blei ein sjukdom med lite spesifikke symptom, slik som feber, diaré og redusert mjølkeproduksjon, rapportert hjå mjølkekyr i Tyskland og Nederland. Det blei isolert eit virus frå ei ku i byen Schmallenberg, difor namnet Schmallenberg virus (SBV). Viruset spreidde seg raskt i Europa, og i september 2013 var SBV funne i 27 europeiske land. Viruset blir overført gjennom bitande knott eller mygg og fører til sjukdom fyrst og fremst på ville og tamme drøvtyggjarar, men er ikkje smittsamt for menneske.


Schmallenberg virus er tidlegare påvist hjå mjølkekyr i 27 europeiske land og blir overført gjennom bitande knott eller mygg. Dette dyret var friskt. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Vaksne drøvtyggjarar kan få infeksjonar som er vanskelege å oppdage eller som berre viser svake symptom. Meir alvorlege symptom er medfødde misdanningar på nyfødde lam, kje og kalvar. Likeins daudfødsel og fødsel av mumifiserte foster. Sidan 2011 har fleire undersøkingar av blod for antistoff vist at mange ville drøvtyggjarar i Europa er eksponert for viruset, slike som hjort, rådyr, dåhjort, sikahjort, europeisk bison, villsau og villsvin. I Noreg blei det funnet ei infisert ku som hadde fått ein misdanna kalv. Antistoff mot SBV blei funne i dyret, og viruset blei oppdaga i knott i dei sørlege deler av landet.

Ingen rapportar eksisterer om SBV på reinsdyr eller andre vertsartar i område som blir nytta av villrein og tamrein, men ettersom ein har funne det på andre artar, kan ein gå ut i frå at reinsdyr òg er mottakeleg for SBV dersom dei blir smitta. Ei antistoff-undersøking av blod frå 187 villrein (2010-2013) og 450 tamrein (2013-2015) i Noreg og 635 tamrein i Finland, avdekte ingen antistoff mot SBV.

Konklusjon

Klimaendringar vil utan tvil påverke reinsdyr overalt i leveområda deira. Reinens evne til å tilpasse seg skiftande leveforhold vil vera avgjerande i dei komande tiåra. Effekten av klimaendringar kan påverke økosystem i ein svært lokal målestokk og er derfor ikkje så lett å måle. Å vite om på førehand kvar effekten av klimaendringane slår sterkast ut, er vanskeleg. Mange reinsdyrstammer har allereie gått tilbake dei siste tiåra, og klimaendringa kjem i tillegg til dei utfordringar disse dyra alt har. Rangifer representerer nøkkelarten i habitata der dei lever, dette fordi dei er viktige planteetarar og byttedyr. Men dyra er viktige òg ved at reindrift er basisen for sosioøkonomisk verdiskaping for mange menneske og lokalsamfunn. Klimaendringar fører difor med seg utfordringar for både forvaltning av ville Rangifer-populasjonar og for reinsdyrnæringa.

Boka ”Reindeer and Caribou – Health and Disease” av Morten Tryland og Susan J. Kutz kan bestillast på amazon.com eller frå forlaget crcpress.com.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing