Klima og rein – potensielle verknader på beite, helse og sjukdom – del 1


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Dette er ein omsett og tilrettelagt artikkel om klimaendringar henta frå ei ny og omfattande bok: ”Reindeer and Caribou – Health and Disease” med Morten Tryland og Susan J. Kutz som redaktørar. Fyrste del av artikkelen som kjem her, er forfatta av to forskarar ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø, Virve Ravolainen og Åshild Ønvik Pedersen. I denne artikkelen nyttar me ”reinsdyr” både om den nordamerikanske caribou og tam og vill rein.

I heile leveområdet til alle underartar av Rangifer, reinsdyr, både tam og vill rein, opplever ein raskt aukande klimaendringar. Nokre av populasjonane har gått kraftig ned som fylgje av dei store endringane. Reinsdyr er planteetarar og heilt avhengige av planteføde for å overleva. Desse matressursane er venta å endre seg i takt med klimaendringane, fyrst og fremst på grunn av den globale oppvarminga. Det blir lengre snøfrie periodar og oftare ekstremvêr, noko som ein allereie opplever i Arktis, der hastigheiten er dobbelt så stor som elles på jorda.

Endringane i den arktiske vegetasjonen på grunn av den globale oppvarminga er stor. Endringa er forskjellig på ulike stader; produktivitet kan auke eller minke, me kan få ein aukande tilveks av krattskog og ei tregrense som klatrar oppover. Vegetasjonsresponsen på klimaendringane er sterkt avhengig av graden av fukt og næringsnivået i jordsmonnet, klimatilstanden slik han er no og plantenes eigenskapar.

Eit viktig spørsmål: Vil dei varsla klimadrivne vegetasjonsendringane påverke kvaliteten, kvantiteten eller tilgangen på næring, slik at det kan gå utover reproduksjon og overlevingsevne hjå reinsdyr?

Vinterbeita kan i større grad koma til å bli utilgjengelege for dyra på grunn av aukande nedbør i form av regn vinterstid og påfylgjande ising av beita. Innafor tamreindrifta kan dette føre til ekstra fôring vinterstid. Klimaendringane kan føre til meir insekt, inkludert blodsugande insekt som er potensielle berarar av sjudomsframkallande parasittar, bakteriar og virus. Eit skifte i levetilhøva for reinsdyr drive fram av klimaendringar, kan påverke livssyklus og auke infeksjonar innafor alle populasjonane. Slik kan ein sjå for seg nye utfordringar innafor helse og sjukdom hjå desse dyra.


Nedisa beiter i Brattefjell-Vindeggen villreinområde. Foto: Anders Mossing

Nedisa beiter i Brattefjell-Vindeggen villreinområde. Foto: Anders Mossing

I dei fylgjande avsnitta vil me kort sjå på korleis klimaendringane kan koma til å virke inn på beite og næringstilgang for reinsdyr, og vidare spreiinga av ulike typar insekt. Korleis vil desse faktorane direkte og indirekte virke inn på helsetilstanden til dyra?

Dietten til reinsdyr

Dei ulike underartane reinsdyr, har tilpassa seg ulike typar føde i leveområda sine, som varierer sterkt. Frå barskog og lauvskog til tundra med krattskog og høgtundra, og til polarstrøk med svært sparsam vegetasjon. Ein kan snakke om hundrevis av ulike planter som del av reinsdyras diett, slike som eviggrøne planter, lauvtre og buskar, urteaktige planter, ulike grasartar, storr, bregnar, mose, lav og sopp. Difor varierer innhaldet av næringsstoff sterkt i reinsdyrdietten på same måte som med karbolsyre, garvesyre og andre komplekse tungt fordøyelege stoff. Reinsdyr kan best beskrivast som “selektive generalistar” ved at dei kan gjere seg nytte av mange typar føde. Dei beitar selektivt på planteartar og delar av planter, dette varierer sterkt frå den eine årstida til den andre, og slik vel reinsdyra seg ut kvalitetsføde etter kvart som plantene blir tilgjengelege for beiting.

Tendensar innafor klimaendringane: innverknad på vegetasjonsproduktivitet og årstidsvariasjon

Sommartemperaturen aukar i Arktis, noko som i utgangspunktet kan føre til auka vekst i vegetasjonen på nordlege breiddegrader. Likevel, slik vekst i Arktis skjer ikkje over alt. Det er store regionale variasjonar i korleis plantelivet responderer på klimaendringane. Storskala fjernmåling har vist at produksjon av plantebiomasse var på veg ned i perioden 1982-2008 i ein del område i vestlege delar av Arktis, i sentraleuropeisk Arktis og i det vestlege nordamerikanske Arktis.

I dei nordlegaste delane av Arktis var det heller ingen auke i vegetasjonen i same periode. Dei nordamerikanske reinsdyrpopulasjonane Bathurst og Porcupine som gjer lange vandringar, erfarer difor at vegetasjonen i delar av leveområde deira aukar medan andre område har nedgang i produktiviteten. Populasjoner av reinsdyr som vandrar over kortare avstandar, slike som Southampton-populasjonen eller svalbardreinen, kan ha heile leveområdet sitt innafor eit område som ikkje har hatt konsistent endring i vegetasjonen gjennom dei siste tiåra. Difor må det til meir forsking på kva for konsekvensar vekst eller nedgang i vegetasjonen får for dei ulike populasjonane.


Det er store regionale variasjonar i korleis plantelivet responderer på klimaendringane i arktiske strøk, slik som til dømes på Svalbard. Foto: Anders Mossing

Det er store regionale variasjonar i korleis plantelivet responderer på klimaendringane i arktiske strøk, slik som til dømes på Svalbard. Foto: Anders Mossing

Beiteområde til reinsdyr

Reinsdyr beitar berre på delar av vegetasjonen i eit område. Plantene har forskjellige veksthastigheit, livshistorikk, reproduksjon og næringsstrategiar. Å registrere endringane i beiteressursane er viktige for å forstå mogleg innverknad på levevilkåra til reinsdyr. Varmare temperatur på nordlege breiddegrader skulle i utgangspunktet produsere meir biomasse. Biomasse og trevekst aukar når sommartemperturane stig. I teorien vil eit varmare klima føre til ein auke i plantenes biomasse. Men i fylgje eksperiment som er gjort der ein har auka temperaturen kunstig, stemmer dette likevel ikkje heilt, ettersom lauvfellande buskar, gras, storr og urteaktige planter vinn over vekstar som mose og lav. Forskjellig veksthastigheit og ulik evne i konkurransen vekstane imellom er ein del av forklaringa. Fukt og næringsinnhald i jorda kan vera ein annan medverkande faktor.

Medan område i sørlegare delar av Arktis får meir urteaktige planter, gras og buskar, har me så langt ingen slike endringar i dei mest nordlege områda. Nokre plantesamfunn i dei nordlegaste delane av Arktis har over fleire tiår blitt uendra til tross for høgare temperaturar. Dette gjeld til dømes i oppvarmingsforsøk på vegetasjon med eviggrøne buskar og reinrose der desse ikkje blir endra trass i auka temperatur.


Ein kan forvente at plantesamfunn som er dominert av lauvfellande og urteaktige planter, som til dømes sølvvier, vil vera dei som endrar veksten sin mest og altså er mest påverkelege av klimaendringane. Foto: Anders Mossing

Ein kan forvente at plantesamfunn som er dominert av lauvfellande og urteaktige planter vil vera dei som endrar veksten sin mest, altså er mest påverkelege av klimaendringane. Forskinga så langt har vore konsentrert mest om større buskar. Desse har fått større utbreiing i perioden 1950 til 2002 i den arktiske delen av Alaska, og spesielt langs elvestrekningar og flaumutsette område. Det faktum at berre nokre få studium har fokusert på endringar i vegetasjonstypar, har truleg bakgrunn i metodiske forhold. Feltstudiar er gjort i ein liten målstokk med plott på ein kvadratmeter, ja til og med endå mindre. Fjernmålingsstudiar derimot manglar som oftast moglegheit til å sjå på endringar på areal mindre enn fleire titals kvadratmeter. Skal ein kunna forstå betre og tolke korleis endringane skjer i plantesamfunna i høve til dietten til reinsdyr, må ein inn med studium der ein i større grad kombinerer fjernmåling og studiar i felt.

Tilgang på føde av høg kvalitet

Konsentrasjonen av plantenæring endrar seg i løpet av vekstsesongen, og reinsdyra beiter seg framover og oppover ettersom nye grøne vekstar kjem til. Dei høgste nitrogenverdiane finst i plantematerialet tidleg på våren. Dersom klimaendringane fører til endring i temperaturen og ein lenger vekstsesong, reknar ein med at dette gjev lågare næringsinnhald i reinsdyrføda tidlegare i sesongen.

Forsøk der ein utset plantene for høgare temperaturar stadfester at kvaliteten på fôret går ned. Ein har funne ut at auka temperatur i løpet av vekstsesongen kan føre til lågare nitrogenkonsentrasjon i gras- og storrartar om ein samanliknar med kontrollfelt under naturlege/vanlege forhold. Ein lengre vekstsesong på grunn av tidlegare snøsmelting kan då resultere i lågare næringsinnhald i einskilde planteartar.

Leveområda endrar seg i løpet av vekstsesongen og kalvingstida fell normalt saman med aukande næringsinnhald og ressurstilgang på våren. Ei utvikling med høgare temperaturar og med det, endra plantevekst, kan føre til eit misforhold mellom ressursbehovet til reproduserande planteetarar og ressurstilgangen. Dette er blant anna dokumentert på Grønland der kalvingstidspunktet var meir eller mindre konstant medan reinrose, som er ei viktig beiteplante, blomstra for tidleg.

Men hjå fennoskandinavisk tamrein (dvs. Noreg, Sverige, Finland, Kolahalvøya og russisk Karelen) var både reproduksjonen høgare og kalvevekta høgare ved fødselen når våren kom tidlegare. Desse studiane såg på forholdet mellom utviklingsstadiet til plantene og storskala-produktivitet i høve til plantekvalitet og plantekvantitet. Bruk av ulike metodar kan vera ei årsak til at ein tilsynelatande finn forskjellige resultat når ein ser på kva innverknad tilgangen på næring om våren har for reinens reproduksjon. Kva dette vil ha å seie for reinsdyra meir generelt, står det att å forske meir på. Nye metodar (for eksempel spektrometri) kan medverke til å knyte næringsnivået i landskapet tettare til reinsdyras bruk av beite. Slik kan ein kanskje auke forståinga for kva for nettoeffekt endringar, til dømes ei forlenging av sesongen, vil kunne ha på tilgangen på mat for dyra.

Tilgangen på mat i vintersesongen


Foto: Anders Mossing

Om vinteren er reinsdyr avhengig av å finne maten ved å grave seg ned gjennom snødekket som nokon gonger har mange harde lag av is. Desse variable faktorane er difor avgjerande for tilgangen på næring på denne årstida. Regn som fell på snø fører til islag i snøen og på bakken, slik kan tjukke islag blokkere beiteområde og hindre reinen i å finne fram til lav og andre beiteplanter ved hjelp av luktesansen. På denne tida av året er talet på tilgjengelege planter lågt og kvaliteten på desse på sitt lågaste. Eit mildare og våtare vinterklima med hyppigare innslag av regn og påfylgjande ising, verkar dermed inn på overlevingsevne og reproduksjon hjå reinen.

I arktiske strøk, til dømes Svalbard, har fenomenet med meir ising verka inn på vekstratar gjennom auka dødelegheit og redusert reproduksjon hjå reinen. Liknande eksempel finn me i Russland, til dømes på Yamalhalvøya, der mange tamrein svalt i hel i november 2006. Det same skjedde i november 2013. Dette førte til alvorlege økologiske problem og langvarige sosioøkonomiske problem for dei lokale reineigarne. Av ei stamme på 275. 000 dyr strauk 61. 000 reinsdyr med på grunn av mangel på mat, noko som er den største registrerte massedød av reinsdyr i denne regionen. Studiar av utviklinga viser til ein mogleg samanheng mellom mangel på sjøis i Barentshavet og Karahavet og hyppigare og meir intenst regn og med det meir ising vinterstid. Ei slik utvikling vil få store konsekvensar for nomadisk levesett hjå urfolk som lever av reindrift. Ei anna side ved denne utviklinga er at blokkerte vinterbeite på grunn av ising, fører til endring i åtferda til reinsdyra, på Svalbard konkretisert ved at reinen begynnar å beite på tang og sjøgras i fjøra. Samtidig fører dette til at reinen trekkjer til område med betre næringstilgang, ein strategi som heilt tydleg har ført til lågare vekttap i løpet av vinteren, færre dyr som stryk med av matmangel og med det høgare reproduksjon.


På Svalbard har auka problem med ising ført til blokkering av vinterbeite, noko som blant anna ført til at reinen trekkjer ned til sjøen for å beite på tang og sjøgras i fjøra. Foto: Kjell Bitustøyl

På Svalbard har auka problem med ising ført til blokkering av vinterbeite, noko som blant anna ført til at reinen trekkjer ned til sjøen for å beite på tang og sjøgras i fjøra. Foto: Kjell Bitustøyl

Sjølv om ein har studert endringar i populasjonane som fylgje av meir ekstremt vintervêr, er det framleis usikkert korleis auka plantebiomasse om sommaren og høgare dødelegheit på grunn av svolt om vinteren i sum vil verke inn på reinsdyrbestandar. Det er vel kjent at reinsdyr på grunn av ising kan trekke til område med meir næring. Og det er eit faktum at reinsdyr slik har greidd seg bra over tid i kystområde der det er stor variasjon i klima og vêrtilhøve, noko som tyder på at reinsdyr som art er relativt robust med omsyn til variasjon i klimaet.

Næringstilgangens sesongvise svingingar og konkurransen mellom artane

Når reinsdyr beiter påverkar dei miljøet; òg ved at dei gjødslar bakken og trør ned vekstar. Ein fersk rapport der ein har systematisert verknadane på vegetasjonen på grunn av reinens aktivitet, har vist mange forskjellige påverknader. Resultata spriker i mange retningar, noko som kan ha å gjera med forskjellig metodikk og fokus i dei ulike studiane. Nokre døme: nedgang i føretrekt mat på sommarbeite ved at for mange dyr er samla på eitt område; mindre mat på vinterbeite etter år med mykje dyr på eitt område; auka grasvekst som fortrengjer mose og lav, og endring i vegetasjonen med auka grasvekst, noko som fører til raskare omløp i næringssyklusen og med det høgare jordtemperatur. Tilgangen på mat kan òg gå ned på grunn av overbeiting, men så langt er det få registrerte tilfelle der ein òg har påvist tilbakegang i reinsdyr-populasjonane. Eit døme på at så skjedde er St. Matthew Island i Beringsstredet, der voks reinsdyrstamma til eit så høgt nivå at matressursane blei beita kraftig ned og reinen øydela med det sitt eige livsgrunnlag. Dette i kombinasjon med nokre skikkeleg harde vintrar gjorde at dei dauda ut. Dette skjedde mellom 1949 og 1980.


Foto: Anders Mossing

Vegetasjonen i Arktis blir ikkje berre beita på av reinsdyr, i nokon område kan beiting av gjæser vera eit trugsmål mot vegetasjonen. Gjæser endra naturgrunnlaget for heile økosystemet frå produktiv tundra til daud tundra t.d. i Hudson Bay i Canada. Liknande utvikling kan ein sjå for seg i andre område der gåsebestanden er i kraftig vekst. Om gjæsene er ein viktig konkurrent i matfatet til reinen er enno ikkje dokumentert. Men også smågnagarar og anna hjortevilt kan fjerne betydeleg mengde plantebiomasse i område der reinsdyra beiter. Til dømes vil smågnagaranes årlege svingingar verke inn på effekten på plantevegetasjonen sett i høve til reinsdyras næringsbehov. Det er likevel lite sannsynleg at smågnagarar vil ha innverknad på beitetilgangen i ein slik grad at det oppstår reell konkurranse om maten.

Les også “Del 2” og “Del 3” (villrein.no).

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing