Klargjering av reglar for tilrettelegging av friluftsliv


Organisert ferdsel er som regel søknadspliktig innanfor verneområde. Bilete er frå Hardangervidda. Her var alle løyver innhenta. Illustrasjonsfoto: Ragnar Ystanes

Organisert ferdsel er som regel søknadspliktig innanfor verneområde. Bilete er frå Hardangervidda. Her var alle løyver innhenta. Illustrasjonsfoto: Ragnar Ystanes

I eit brev til kommunar og reiselivslag i Rondane-Sølnkletten-regionen, har Nasjonalparkstyret for Rondane-Dovre, fylkeskommunane i Oppland og Hedmark, fylkesmennene i Oppland og Hedmark og «Villreinforum for Rondane og Sølnkletten», gått saman for å gjera klårare regelverket for dette området. Bakgrunnen er at tilrettelegging for friluftsliv ikkje alltid har henta inn løyve på førehand.

Underskrivarane av brevet presiserer at å leggje tilrette for friluftsliv skjer “med de beste hensikter og vilje”. Men dei registrerer at ein i dei siste åra har sett ein tendens til å auka merking av stigar, utsetting av turpostar, stolpar for stolpejakt m.m. på stadar der det er uheldig for reirlokalitetar, sårbar vegetasjon o.l.. Rondane-Sølnkletten villreinområde treng eit spesielt vern, ein legg difor vekt på å finne fram til bruksmåtar som både tek vare på naturverdiane og friluftslivet. Og uavhengig av om det er eit verneområde eller ikkje, må ein ha løyve frå grunneigar før ein set i gang med slike fysiske tiltak, også skiløyper vinterstid.

Større tiltak innafor verneområde skal ha tre søknader
Skal ein setje i gang tiltak i eit verneområde, må ein òg ha løyve frå vernestyresmaktene. Er det tiltak som krev større endringar i terrenget, som t.d. sykkelstigar, må ein òg rekne med å bli omfatta av plan- og bygningslova. Her blir det tilrådd å ringje den aktuelle kommunen og spørje. Innafor verneområde må det slik sendast tre søknader.

Randsone framfor lenger inne i fjellet
Organisert ferdsel som t.d. turverksemd eller guiding innafor ein nasjonalpark eller eit naturreservat, kan òg vera søknadspliktig. Dersom tiltaket krev motorisert ferdsel i utmark, bør søknad om slik transport sendast samtidig. Ei generell tilråding er å leggje tiltak i ei randsone framfor lenger inne i fjellet.

Underskrivarane oppmodar kommunane til å formidle dette brevet vidare til lokale organisasjonar, velforeiningar og reiselivsorganisasjonane i området.

Les heile brevet her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing