Kan ein få til friviljug vern av villreinområde?


Kan ein få til friviljug vern av villreinområde? Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Kan ein få til friviljug vern av villreinområde? Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

I ein kronikk i avisa Nationen kjem Jørund Båtstad og Torstein Storaas, båe to medlemmer av villreinnemnda for Rondane og Sølnkletten, med ein ny idé i høve vern av villreinens leveområde. Dei tek utgangspunkt i ordninga med friviljug vern av skog, og drøftar om denne ordninga òg kunne gjelde for areal i villreinfjella.

Båstad og Storaas oppsummer korleis det er å vera medlem i ei lokal villreinnemnd, det handlar mest om å seie NEI til alle føreslege planar om aktivitetar og næringsplanutvikling for å verne villreinens levemråde. Slik blir desse nemndene knytt til eit forbodsline som kanskje ikkje tener villreininteressene på sikt. ”Viss villreinen i aukande grad blir sett på som ei skranke for lokal næringsutvikling, risikerer ein at den heilt avgjerande lokale oppslutninga om villreinen blir borte”, skriv dei to.

Fråflyttingstrua kommunar betalar prisen
Samstundes visar dei til at det har kome fleire offentlege utgreiingar for større utnytting av villreinressursen, blant anna verdiskapingsprogrammet ”Villreinfjellet som verdiskapar”. Men her er det berre sett av 5 millionar kroner årleg for heile villrein-Norge, 61 kommunar i 11 fylke. Dette blir lite i høve til verdien av hyttetomter for ein utkantkommune, for det er ukantkommunane som tapar på dette, meiner kronikkforfattarane. Kostnaden med vern av nasjonalskatten villrein blir i dag betalt av fråflyttingstrua utkantkommunar som sårt treng næringsutvikling.

Villreinen er eit fellesgode
Med bakgrunn i at villreinen er eit fellesgode for heile Noregs befolkning, og at Noreg har eit spesielt internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen, er Båtstad og Storaas opptekne av å finne fram til positive verkemiddel der også dei lokale villreinnemndene kan spela ei rolle. Villreinen som eit fellesgode har ingen marknadsverdi, samanlikna med til dømes eit hyttefelt. Konkret luftar dei to ein tanke om å hente inspirasjon frå tiltaket om friviljug vern av skog, eit tiltak som kom i 2003. Der betalar staten eigar for skogverdien av biologisk og verdifull skog, skog som òg er eit fellesgode. I år omfattar denne ordninga 440 millionar kroner.

Friviljug fjellvern
Med utgangspunkt i Rondane som er ”deira” område, drøftar dei to korleis ein skalhandtere konkurransen mellom eit aukande press for vedvarande hyttebygging og aktivitetar, og villreines behov. Ein idé er å kjøpe ut gamle hytter eller tomter i område som i dag ikkje ville blitt godkjente på grunn av villreinen, ved det dei kallar friviljug fjellvern. Det same med vegar som er uheldig plasserte i høve til villreintrekk. Underforstått at desse hyttene og vegane blir lagt i eit mindre utsett område. Dette krev pengar, som ikkje tronge kommunebudsjett har. Avslutningsvis forslår Båtstad og Storaas at ein kunne starta eiprøveordning i ein kommune. Ut frå dette kunne reglane endrast slik at fellesskapet er med på å betale for vern av villreinareala, ikkje berre utkantkommunane.

Les kronikken her (krev abonnement).

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing