Heiplansamling: Reiselivet i fjellet i vekst


Ragnhild Bjåen på Heiplansamlinga på Haukeliseter. Ho er drivar av familiebedrifta Bjåen Fjellstove, som ligg i Bykle, men eigedomen strekker seg òg eit godt stykke inn på Vinje-sida. Familien driv og med mjølkekyr, og Bjåen Fjellstove ligg nært på …

Ragnhild Bjåen på Heiplansamlinga på Haukeliseter. Ho er drivar av familiebedrifta Bjåen Fjellstove, som ligg i Bykle, men eigedomen strekker seg òg eit godt stykke inn på Vinje-sida. Familien driv og med mjølkekyr, og Bjåen Fjellstove ligg nært på villreinområdet, med villreintrekk på båe sider. Dei satsar økologisk og ”grønt”, men legg òg vekt på kunnskap om lokal natur og kultur. Foto: Kjell Bitustøyl

21. og 22. september var det Heiplansamling på Haukeliseter fjellstove. Dette er ei årleg samling. Arrangør var Rogaland, Hordaland, Aust- og Vest-Agder og Telemark fylke, med Vinje kommune som vertskap. Tema for samlinga var attraktiv reisemålsutvikling i fjellet. Målgruppa var alle som er opptekne av korleis ein skal forvalte og utvikle Setesdalsheiane i vest og aust, til det beste for bygdene, næringslivet og villreinen. Fokuset på villreinen kom kanskje litt i bakgrunnen, mykje handla om ei reiselivsnæring i vekst. Likevel var omgrepsparet ’bruk og vern’ eit gjennomgangstema.


Haukeliseter fjellstove. Foto: Kjell Bitustøyl

Haukeliseter fjellstove. Foto: Kjell Bitustøyl

”Heiene som arena for lokal vekst og framtidstru”
Heiplanen er regionplan for Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei og Ryfylkeheiane og blei godkjent av dåverande Miljøverndepartement i 2014. Handlingsprogram for 2015-2018 blei vedteke i fylkestinga våren 2015: ”Hensiktener at planen skal være et godt verktøy for god forvaltning av Norges sørligste villreinstamme og arealbehov for planområdet.”

Eit sentralt tema formulert i planen byggjer på ”Heiene som arena for lokal vekst og framtidstru”, dette som ein del av eit nasjonalt målom å leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og å oppretthalde busetnaden. Dette handlar om å ”..betre grunnlaget i dei enkelte ved å styrkje kompetansen, leggje til rette for nyskaping og næringsutvikling, redusere avstandshindre, utvikle livskraftige lokalsamfunn og fremme berekraftig bruk av naturressursane. Regional- og distriktspolitiske omsyn skal bli tillagde sterkare vekt i politikken på dei enkelte sektorane.”


Planområdet (Kjelde: Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei).

Planområdet (Kjelde: Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei).

 

Eventyret Trolltunga
Reiselivsaktørar , både private og offentlege, frå Agder/Setesdal, Telemark, Odda og Stavanger var på banen fyrste dagen av Heiplansamlinga. Me fekk døme frå ulike delar av planområdet, men òg frå område utanfor, t.d. Trolltunga i Hardanger. Den eksepsjonelle tilstrøyminga av folk til denne turistattraksjonen ein dryg dagsmarsj inn på Vidda får stå som eit døme kor ekstremt det kan bli når ”alle” skal til same plassen. Ikkje minst har trykket frå utlandet vore stort. I fylgje representanten for Odda kommune er marknadsføringa fullstendig ute av kontroll, mykje takka vera sosiale media.

Vandre Telemark og Bjåen Fjellstoge
I Telemark har ein ikkje opplevd liknande ”boom”, men her kunne blant anna prosjektet Vandre Telemark vise til ein fin auke på åtte utvalde turstigar som er tilrettelagd for turistar. Største kontrasten til Trolltunga fekk ein kanskje i form av innlegget frå Ragnhild Bjåen frå Bjåen Fjellstove, ei familiebedrift som ligg i Bykle, men eigedomen ligg òg dels i Vinje. Her kombinerer ein gardsdrift med mjølkeproduksjon med kortreist mat, med vekt på den økologiske, grøne turismen, og overnatting i eit tradisjonsrik gamal fjellstove. Ein legg òg vekt på lokal kunnskap om natur og kultur. Ikkje så store økonomiske vyer som dei tyngre satsingane, men viktig nok i eit Heiplanperspektiv. Omsynet til naturområda med villreinen tett på ser Bjåenfolket på som svært viktig.


Villrein på Setesdal Austhei. Foto: Britt-Elin Ekre

Villrein på Setesdal Austhei. Foto: Britt-Elin Ekre

Bruk og vern
Ordet berekraftig utvikling, berekraftig satsing, var elles eit omgrep som gjekk att i fleire innlegg. Med eit stort trykk frå ei veksande turistnæring er kanskje dét viktigare enn nokon gong, i fylgje fleire innleiarar. Det blei elles referert til at norske nasjonalparkar (og landskapsvernområde) over lang tid har skilt seg frå satsingar og tilretteleggingar me finn i dei fleste andre land, og at ein også frå det offentlege no ser at ein i komande planlegging må tenkje nytt i høve til bruk og vern. Meir konkret handlar dette bl.a. om kommunal oppfylging i høve til å styre ferdsel, turløyper og skiløyper. Her er det sterk etterspørsel frå turistnæringa, samtidig skal Heiplanen ha med seg dei såkalla omsynssonene i det nasjonale villreinområdet, trekkområde osv.

Eit konkret døme på tilrettelegging som i fylgje Stavanger Turistforening absolutt er i tråd med med bruk og vern-prinsippet, er dei såkalla ”sherpastigane”, som hindrar erosjon og styrer trafikken til bestemte reisemål, for Rogaland sin del gjeld dette t.d. Preikestolen og Kjerag.

Frå reiselivet blei det opplyst at turistane svært ofte etterlyser aktivitetar, enten i form av t.d. kiting, fjellklatring eller enkle organiserte fotturar. I det heile var næringsfokuset sterkt framme denne fyrste dagen.

Frå forsamlinga blei det elles etterlyst at fleire frå forvaltninga av desse naturområda hadde møtt opp, t.d. frå SVR – Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylke- og Frafjordheiane.
    
Stigar og løyper
Dag to var meir via til representantar for det offentlege. Ein fekk blant anna med seg Vinje kommune si erfaring med stig- og løypeplanlegging. Dorthe Huitfeldt frå Vinje tok opp temaet korleisein må kombinere dei ulike interessene, blant anna ved å få til eit samarbeid med grunneigarane og lytte til deira ynskje og planar. Ho gav uttrykk for at det var litt synd at mange av reiselivsaktørane reiste etter dag èin, og med det i mindre grad fekk med seg det offentlege sine erfaringar og planar omkring ei vidareføring av Heiplanen (og tilsvarande planar i andre område). Ho slo fast at einskilde område opplever eit vanvittig press frå turistnæringa om fleire stigar og løyper. Slik får det offentlege ei kjempeutfordring, både ved at ein skal ta omsyn til verneområda, samtidig som det skal vera ”forutsigbarthet” for reiselivet. For Vinje sin del handlar det elles ikkje berre om villreinen, men òg om beitenæringa i fylgje Hiutfeldt

GPS-prosjektet for villrein i Setesdal Vesthei
Lena Romtveit frå Norsk Villreinsenter på Skinnarbu orienterte om kva som bør arbeidast vidare med i høve til utfordringane for villreinen. GPS-prosjektet, dvs. radiomerkinga av villrein som har vart i fleire år, er blant anna no trekt inn i samband med vasskraftrevisjonane i desse områda. Eit nybrottsarbeid er at langt fleire aktørar no er med i prosjektet, til dømes er regulantane no med i styringsgruppa, dei er òg med på den finansielle sida. GPS- merking finst i mange fjellområde, for Setesdal Vesthei er dette eit lokalt pilotprosjekt der ein søkjer å finne avbøtande tiltak, t.d. løysing på korleis ein skal få reinen til å bruke større delar av villreinområdet. GPS-prosjektet kan i fylgje Romtveit kanskje gje svar på kva det er for barrierar som hindrar reinen å nytte ulike trekkruter? Nytt i Setesdal er at ein no som eit prøveprosjekt med ny teknologi også merker ein del bukk, tidlegare har det vore mest simler.

At forvaltingsorgana kan nytte av GPS-merkinga, er likevel ikkje aktuelt. GPS-merking er til for forskinga sin del, altså eit forskingsbehov, men at forskingsresultata kan brukast som eit forvaltingsverktøy er likevel naturleg i fylgje Romtveit.

Oppsummert spelar nok desse årlege Heiplansamlingane ei viktig rolle, men sett frå utsida snakka ein kanskje litt forbi kvarandre, ein del aktørar var der kanskje mest for å snakke om eigne prosjekt, meir enn at ein lytta til kva andre hadde å  fortelje.


Lena Romtveit. (Arkivfoto: Arne Nyaas)

Lena Romtveit. (Arkivfoto: Arne Nyaas)

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl