Færre dyr og mindre kvotar i Setesdal Austhei


Svein Ekre er leiar i Setesdal Aushei Villreinlag. Foto: Britt-Elin Ekre

Svein Ekre er leiar i Setesdal Aushei Villreinlag. Foto: Britt-Elin Ekre

Setesdal Austhei villreinområde strekkjer seg frå Haukeli/Edland i nord på Austsida av Riksveg 42 gjennom Setesdal og sørover i Aust-Agder og Telemark til og med Bygland og Fyresdal kommunar i sør. Vinterstamma er på ca 2000 dyr, men i år har ein under teljingane funne såpass mykje færre dyr enn tidlegare at kvoten for årets villreinjakt er sett ned med heile 50%.


Svein Ekre med ein fin bukk. Foto: Britt-Elin Ekre

Svein Ekre med ein fin bukk. Foto: Britt-Elin Ekre

 

Svein Ekre er leiar i Setesdal Austhei Villreinlag, han fortel at ein i år har valt å gå drastisk ned på kvotane for årets villreinjakt på grunn av at ein ikkje har funne så mange dyr i teljingane som tidlegare. Årsakene til nedgangen i bestanden meiner han fyrst og fremst er lekkasje over til Setesdal Vesthei og til Hardangervidda, utan at dette er dokumentert med sikre bevis. Generelt er området vanskeleg med omsyn til teljing, blant anna er det område særleg i sør der skog gjer det vanskeleg å telje dyr.

Også tidlegare har kvotane og avskytinga svinga sterkt i dette området, Ekre fortel mellom anna at vinteren 2014/15 hadde ein ising på vinterbeitet, då tyder mykje på at ein del dyr vandra over på Hardangervidda. Ingen radiomerka simler har derimot så langt kunna stadfest denne vandringa. Men merkeprosjektet er heller ikkje forlenga for dette området, slik at det pr i dag berre er to radiomerka simler. Dét gjer sjølvsagt ikkje situasjonane enklare i høve til å fylgje på med kvar dyra tek vegen. Og når ein ikkje har radiomerka dyr, må ein ty til andre utvegar, sjølvsagt mest nærliggjande er dette med ”sett” rein, slik ein hadde det før GPS-teknologien kom i bruk. I så måte kan ein indikator vera at dei fastbuande på Bjåen, dei øvste fjellgardane i Bykle, har hatt bukkar innpå jorda på groen kvar vår, i år skjedde ikkje dette i fylgje Ragnhild Bjåen. 

Ei anna utfordring for reinen på Setesdal Austhei er vegen mellom Valle og Tokke over Store Bjørnevatn som kryssar området. Her har ein fått god GPS-dokumentasjon på at dyra står og stangar og kvir seg for å krysse over vegen. Ei bekymring for dei som forvaltar denne reinstamma, er at det er godkjent planar for å byggje endå fleire hytter i Valle i dette viktige trekkområdet for reinen.

Når det gjeld kalvetilveksten er der i fylgje Svein Ekre ei betring frå fjoråret, teljinga i juni i år viste 52 kalvar pr. 100 simler, mot 49 året før. Han fortel at der er mange av dei som har jaktrettar som sjølvsagt er spente på kva retning dette vil ta, sjølv håpar han at avskytinga ikkje blir for god i år, slik at ein vil kunne få ei større stamme til neste år.


Våren 2015: Ein liten bukkeflokk frå Setesdal har kryssa E 134 og har funne  seg grøne beite i eit solvendt hyttefelt i Vågslid. Foto: Kjell Bitustøyl

Våren 2015: Ein liten bukkeflokk frå Setesdal har kryssa E 134 og har funne  seg grøne beite i eit solvendt hyttefelt i Vågslid. Foto: Kjell Bitustøyl


Frå fjellet Galten mot Venevasshallet i Bykle, eit typisk landskap frå nordlege delen av Setesdal Austhei. Me ser traktorvegen som går i retning Venevatn, som ligg i grenseområdet mot Telemark. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå fjellet Galten mot Venevasshallet i Bykle, eit typisk landskap frå nordlege delen av Setesdal Austhei. Me ser traktorvegen som går i retning Venevatn, som ligg i grenseområdet mot Telemark. Foto: Kjell Bitustøyl

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl