Filefjell Reinlag skal overvake Rv 52


Asgrim Opdal, leiar av Filefjell Reinlag, er ein av tre namngjevne personar i reinlaget som har fått løyve til å avlive villrein i Nordfjella. Foto: Kjell Bitustøyl.

Asgrim Opdal, leiar av Filefjell Reinlag, er ein av tre namngjevne personar i reinlaget som har fått løyve til å avlive villrein i Nordfjella. Foto: Kjell Bitustøyl.

Miljødirektoratet har som tidlegare nemnt utarbeida ein instruks som gjer man blant anna skal fylgje opp særskilte vegstrekningar. Nå har Filefjell Reinlag fått i oppdrag å jage og eventuelt avlive villrein med symptom på skrantesjuke langs riksveg 52 i Nordfjella villreinområde og i reinlagets eige område på austsida av vegen.

Oppdraget er gjeve av Statens Naturoppsyn (SNO) med bakgrunn i instruksen for å hindre samanblanding av vill og tam rein i dette området.

Miljødirektoratet skriv at det er viktig at villrein og tamrein ikkje kjem i kontakt med kvarandre eller kvarandre sitt miljø. Alt i desember 2016 fekk Filefjell Reinlag høve til å avlive einskilddyr av villrein som kryssar riksveg 52, og løyve til å jage villrein bort frå vegen og tamreinområdet. Men dei fekk ikkje då høve til å avlive villrein i villreinområdet.

Dette nye vedtaket inneber at tre namngjevne personar i Filefjell Reinlag, deriblant Asgrim Opdal, leiar av reinlaget, har løyve til å avlive villrein i Nordfjella villreinområde, viss dei treffer på dyr som viser teikn på skrantesjuke.  Løyvet er gjeve frå dags dato til 31.12.2017. Fleire vilkår fylgjer med dette løyvet, blant anna at SNO skal varslast med ein gong ei felling har funne stad.

Les også: “Skrantesjukeinstruks til Statens Naturoppsyn”

villrein.no – Kjell Bitustøy/Anders Mossing