Fangstanlegg på Kruk i Valdres


Bogastille i nærleiken av Kruk, i bakgrunnen ser me Krukknappen. Foto: Kjell Bitustøyl

Bogastille i nærleiken av Kruk, i bakgrunnen ser me Krukknappen. Foto: Kjell Bitustøyl

Like i nærleiken av Kruk, vesttoppen på Gilafjellet som ligg halveges i Vestre Slidre og halveges i Vang i Valdres, ligg det eit fangstanlegg for rein som ikkje er særleg kjent utanfor Valdres.  Anlegget ligg nær toppen og me finn fleire dyregraver og 10-11 bogastille, eller bogahi som dei seier i Valdres.

Dyregraver er eit velkjent kulturminne i mange fjell. På fjellryggen Kruk (1582 moh) finn me fleire dyregraver, belgjearmane er over 100 meter lange med belgjemur med fleire oppbygde reinsgraver. To av dei ligg like i nærleiken av ein stig gjennom området og er lette å finne. I samband med dyregravene finn me òg mange bogastille.  Dei er i dette anlegget halvsirkelforma steinmurar, ikkje særleg høge, men framleis svært tydelege. Arkeolog Bjørn Hougen har teke mål av desse og omtalar dei i Valdres Bygdebok bind 2. Lengda frå arm til arm på desse bogastilla er 1 – 2 meter, medan høgda på midten er frå 40 til 90 cm. Høgda minkar ut mot sidene av bogastillet.

Knut Hermundstad skriv i Valdres Bygdebok bind 5 at veidemennene fanga villrein på tre ulike tider: Om våren når villreinen trekte ned i Svørsbotn etter gras og groe, om hausten når dei for ned i Svørsbotn og Helestrøndliene etter sopp, og når reinen hadde sett sørover i Tangefjellet på grunn av sønnavêr. Merka jegerane eller veidarane, at reinen heldt seg på ein av desse tre stadane, la dei seg til i bogastillet, samtidig sende dei av garde folk for å skræme reinen, som då la på sprang mot Kruk. Det er vel kjent at reinen søkjer oppover når han blir skræmd. Komen nær toppen på Kruk blei dyra møtt med piler og truleg kastespjot frå bogastilla, andre gjekk i dyregravene. Gravene kunne vera dekte av mjuke greiner av dvergbjørk og vier, over dette kunne ein leggje eit lag med reinmose. Hermundstad fortel at der er ei segn om at der på Helestrønd budde 12 bønder fast heile året, kanskje var det desse som åtte og dreiv dette store fangstanlegget.

I dag er det tamrein som held til i dette området, tamrein frå Filefjell tamreinlag.


To av dei mest synlege dyregravene på Kruk, me ser over mot Hemsedalsfjella med Ranastongi (t.v.) og Rankonosi som dei mest markante. Me ser òg litt av Smådalsfjellet på framsida av Rankonosi. Til høgre i biletet nært ser me litt av den bratte nedga…

To av dei mest synlege dyregravene på Kruk, me ser over mot Hemsedalsfjella med Ranastongi (t.v.) og Rankonosi som dei mest markante. Me ser òg litt av Smådalsfjellet på framsida av Rankonosi. Til høgre i biletet nært ser me litt av den bratte nedgangen til Svørsbotn. Foto: Kjell Bitustøyl


Kart over fangstanlegget på Kruk

 

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl