Då heile Noreg kom til Hjerkinn


Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Frå Lista i sør til Stabbursnes i Nord. Eit mylder av dialektar og erfaringar vart utveksla, då Norsk Villreinsenter Nord inviterte til samling for naturvegleiarar på Hjerkinn.  

– De er reinsdyr, de skal berre gå og gå. Du kan vere ei hytte, og du ei demning. Pass opp! No kjem det ein jeger og nokre vindmøller. 

Ida Hybertz Brennodden kommanderer 30 naturvegleiarar ut på golvet. No får dei erfare korleis Hardangervidda Nasjonalparksenter på Skinnarbu formidlar kampen om ressursane på vidda. Det blir trongare og trongare om plassen. Dei som er villrein har fått streng beskjed om å halde saman, vere i rørsle heile tida og kjem dei borti nokon av dei andre meir enn tre gongar er dei døde. Snart må den fyrste reinen gje tapt.  

Trass alvoret som ligg bak, er stemninga god og latteren sit laust. Slik det også er når skuleelevar er med på denne aktiviteten på Skinnarbu. Snart får også besøkande til Norsk Villreinsenter Nord oppleve «Kampen om vidda», for naturvegleirane  Are Endal Rognes og Heidi Vognild blir inspirerte. – Dette må vi teste her også, seier dei.  

 

Leik og lærdom 

Inne i Forsvaret sin gamle kinosal på Hjerkinn er vegen kort mellom leik og lærdom. Den eine augneblinken sit naturvegleiarane bak pultane og får høyre om korleis dei andre underviser og formidlar natur og kultur. Neste augneblink erfarer dei det i praksis, som når Anders Sjöberg deler dei i grupper, gjev dei eit kjempelangt tau og ber dei knyte ein spesiell knute medan alle held fast i tauet. Kaoset rår undervegs, men det blir båtmannsknop til slutt. 

 Vegleiaren har ti timar i bil bak seg, men er likevel full av energi. Anders Sjöberg elskar jobben sin. Han er tilsett ved Falu Naturskola og er komen til Hjerkinn frå Sverige for å dele sine erfaringar. I heimlandet hans er naturvegleiarane i større grad organiserte enn i Noreg. Naturskulen i Falun fyller 30 år i 2019, og er ein del av Naturskoleföreningen. Under mottoet «Att lära in ute» tilbyr dei medlemsskap for naturvegleiarar i heile Sverige. Her i landet var mange naturvegleiarar tidlegare tilsett i Statens Naturoppsyn, fram til dei la ned denne ordninga. Sidan har Miljødirektoratet løyvd pengar til ein del naturvegleiarstillingar ved ulike besøkssenter for nasjonalpark, våtmark, rovdyr og villrein. Talet på naturvegleiarar ved desse besøkssentera er aukande og dei fleste på samlinga til Norsk Villreinsenter Nord er tilsett ved slike senter.  

 

Fyrste steg mot ein tradisjon 

Når samlinga går mot slutten, er nye venskap danna og grunnlaget for vidare samarbeid lagt. I tillegg til fagleg utveksling, har deltakarane opplevd noko av det Dovrefjell og Besøkssenter villrein kan by på. Snøhetta har vist seg frå si beste side og raudna forsiktig både i soloppgangen og av beundrande blikk. Og då stjernene blinka over Hjerkinn fyrste kvelden, fekk dei langvegsfarande nygrilla pølser og varme frå eit knitrande bål.  

No er håpet at den fyrste samlinga for naturvegleiarar skal bli til mange fleire. Midlar frå Miljødirektoratet mogleggjorde ei samling på Hjerkinn, og dersom støtta held fram kan ein invitere til samling kvart år. Det vart sett ned ei mindre gruppe som skal jobbe med ei ny samling i 2020. På sikt er målsetjinga også at naturvegleiarane skal samlast i ein felles organisasjon. Slik kan ein styrke opplevingar i – og god lærdom om naturen til alle som vitjar besøkssenter i Noreg.  

 Villrein.no – Heidi Vognild


Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Foto: Rebecca Nedregotten Strand