
På Austheia har det i tillegg til utvekslinga mot Vestheia over Rv9, vore eit viktig fokus på kryssinga ved Bjørnevatn på veg til og frå kalvingsområde og sommarbeite i sør og vinterbeite i nord. Her er det òg gjort analyser på kva innverknad denne kryssinga har på dyra med omsyn til stress/aktivitetsnivå, forsinking til kalvingsområda m.m.
I 2011 er det på Austheia merka 4 simler. Sluttrapporten for denne prosjektperioden er den same som for vestheia. Den vil vera klar innan hausten 2011, og ein vonar denne vil gje verdifull kunnskap til regionalplanarbeidet.