
Då merkeprosjektet på villrein i Nordfjella kom i gang i 2006, var det mellom anna med bakgrunn i at ein ynskte å sjå nærare på villreinens bruk av desse leveområda, og samanhengen mot Hardangervidda. Nordfjella er eit område med mykje tung infrastruktur som vegar, jernbane og kraftutbygging, og reinens forhold til desse inngrepa er av særleg interesse.
Gjennom styringsgruppemøta er det kome innspel til meir konkrete fokusområde i Nordfjella for inneverande prosjektperiode. Dette er mellom anna kryssinga av Bergensbanen over Finsetunnellen, reinens bruk av områda rundt Geiterygghytta, bruken av områda sør for Hardangerjøkulen, kryssinga av Rv 50, forholdet til dei store vassdragsreguleringane med opne elver m.m.. I tillegg starta arbeidet med kartlegginga av villreinens biologiske leveområde i 2010, i samband med oppstart av regionalplanarbeidet for området. Denne rapporten er nå klar, og kan lastes ned her: NINA Rapport 634: Villreinen i Nordfjella
I 2011 er der merka 3 simler, derav ei nord for Rv 50.

Kart som viser fokusområdene i Nordfjella:
1) Fjellvegen Aurland – Lærdal (Rv 243)
2) Utveksling Nordfjella – Hardangervidda, samt Raudafjellområdet. Bergensbanen, Rallarvegen, Finseområdet og Uppsete
3) Geiteryggen, Rv 50
4) Rv 52, Filefjell. Grense til tamreinområde
5) Austlege vinterbeite
6) Gravdalsområdet
7) Kongsheller
8) Viddals dammen. Utveksling til vinterbeite på Tarven.
Last ned kartet i større versjon (jpg)